Klarer ikke musikken,musikerne eller stereoen å fange min oppmerksomhet i "normaltilstand",
da går en ut av konsertlokalet ,bytter plate eller skur av anlegget.
Da er du heldig som har så mye overskuddskapasitet i hjernen at slike forstyrrende faktorer ikke betyr noe. Så heldig er dessverre ikke jeg. Innlevelsen og illusjonen blir langt bedre når jeg lytter på et "seriøst" musikkstykke i kjelleren, mørkt og kjølig enn når jeg sitter i solsteika. Men dette kan selvsagt også være relatert til type musikk osv. En rølpekonsert med pyrotekniske innslag på scenen og fans som hopper opp og ned i ekstase er annerledes enn en liten kammerkonsert i en dempet belyst liten sal.
Er nok nærmest slutt med rocke konserter og festival liv.
Siste var Jeff Beck.Kom rett før konsertstart og gikk når den var slutt,
resten av kvelden hadde ingen interesse.Forøvrig bare tidvis bra konsert.
Innlevelse,illusjonen..musikk skal bevege sinnet,skape en følelse.
Ser ut til at den tid er over for min del.Det tilhører ungdommen..følerier.
Skal sterke fremførelser før en blir beveget.
Har helt sikker noe med alder å gjøre.
Har ikke hatt spenning på stereoen de to siste måneder.
Men teknikken,virkning og årsak til div lyd-fenomen fenger litt enda.
Litt hobbyvirksomhet har en enda,men det er dessverre ikke musikken eller stereo.
Den magien er borte.
Få vel avslutte for i kveld med Garborg,det passer vel bra?
Eg spurte ein gamald man:
Kva hev du lært av livet
Han såg på meg med augnekast
som kom liksom langt burtantil;
Og han sa:
Vil du høyre på meg,så høyr;
Og tenk etter mine ord når du kjem så langt!
Eg var ung og visste alt.
Og eg spara meg ikke;
Eg sa det eg visste og noko til,
Og undrast på,
At mine sterke ord ikkje snudde verda.
Dei gamle høyrde eg ikkje på;
Dei hadde eg vondt av.
Og når dei tala om livet
lo eg og blunka til mine jamnaldrande;
Kva veit dei om livet
Som har gløymt det?
Men eg vart eldre og laut i skule.
I den skulen som ein må gå,
Når ein trur at ein veit alt.
Læraren heiter Ill Røynd,
Og lærestundene heiter Vonbrot.
Difor er skulen lang;
For Vonbroti er mange;
Og nye er dei for kvar som røyner dei.
Du fekk ikke det du vilde.
Eller du fekk det,
Og det var ikke det du vilde.
Eller det var det du vilde,
Og du miste det.
Dine store verk var lite tess.
Det du meinte best
Vart til det verste tydt.
Det du sette di von til
Vart fall for deg og tap.
Det du venta deg mest av
vart steinar i vegen din
Og gråe hår på ditt hovud.
Og alt slikt som ein høyrer jamt,
Men berre i denne skulen får tak på.
Eg gjekk for Ill Røynd.
Og eg lærde og lærde.
Og di meir eg lærde,
Di mindre viste eg.
Underlegt er det
Å koma på hi sida synkvervingi,
og sjå at alt er annarleis,
Og noko reint anna;
Og kvar gong seier du:livet er lygn.
Meir og meir opp-rådd står du der
Og ser på denne himmelblåe verda
Som ser så ærlig ut;
Og sistpå skjønar du at du ikke skjønar.
Men utlærd er du ikke,
For du ser sanning gjenom lygni
Og meining opne seg som eit klokt auga
På botnen av meiningsløysa;
Og det varer lenge før du kjem så langt.
Ein dag stod eg rådlaus og oppgitt
Og såg meg tilbake;
Og den dagen var det visst
At håret mitt vart grått.
For redsla tok meg,
Og heldt meg lenge.
Eg såg og laut tilstå for meg sjølv:
Sannelig,du er gamal vorten.
Og livet ditt er ulevt.
Kvar i verda har du gjordt av det?
Eg laut slå meg til ro
Som eg kunne best.
Og eg trøysta meg
Som så mange.
Men det er manns trøyst,
Når han hev fari villt,
og tulla seg bort,
Og vaknar opp-rådd og i pina:
Eg vil vitne for mine brør,seier han,
Mine unge brør,
At ikke dei og skal koma til denne pine stad;
Då hev eg endå ikke levt til inkjes;
Ja dette var vel meiningi med livet mitt:
At Ill Røynd
Skulle gjera meg til lærar for androg til ein vegvisar.
Og eg vitna for mine brør,
Dei unge som enno stod frie:
Ver kloke! Sa eg;
Tru ikke livet
Det er ei synkverving;
det gjev seg ut for alt som ikke er.
Det me flyg galne etter er dårskap,
Vette-Ljos som lokkar oss ut på myri;
Og når me ligg der bog søkk
Og ikke kan vinna oss opp att,
Så glir dei frå oss og flirer.
Då lo dei unge.
Og dei blunka til kvarandre og sa:
Desse gamle,stakkar,
Kva veit dei om livet som har gløymt det?
Dette vart og ein skuletime.
Den strideste:
Mi siste von var broti.
Men no forstod eg alt.
Ung kan ikke læra av gamal.
Kunne han det vart han gamal sjølv
Og våga seg ikke på livet;
Men berre den som vågar kan vinne.
Difor er det lagt mein mellom gamal og ung,
At dei ikke skal skjøna kvarandre.
Kvart sitt mål talar dei
Som står på kvar si sida av gata,
Den kvar for seg må løysa
Med livets farar og von.
Og ikke du, men eg , sa Ill Røynd,
Er sett til å vera lærar for dei unge;
Du skal vera nøgd når du kjenner,
At du kan vera lærar for deg sjølv.
Eit stort tålmod fekk megt i meg.
Og eg smilar no,
Når eg ser all denne unge hast
Med å snu verda.
Det er ikke greit for dei unge;
Dei har så langt fram;
Og det er så mykje tull
Dei skal igjennom.
Når dei kjem og talar om livet
Og vil læra meg kva livet er.
Då må eg le;
Og eg blunkar til mine jamnaldringar
Og seier: desse unge stakkar,
Kva veit dei om livet som ikke har levt det?
Men djupast i mitt hjarta ynskjer eg:
Gjev dei hadde ungdom nok.
For med vår ungdom er det
At me skal kjøpe visdom.