Om man er i den situasjonen som beskrevet her - er det best å flytte fra kongeRIKET og livnære seg på et rimeligere sted.
Dersom du finn rette bilen, og flyttar til rette staden, finnest det også stadar innanlands der du kan leve billeg. Sjølv bur eg i ei bygd som så langt har vore kommunesenter, med fem til timinutts spaseravstand til butikkar, kommunehus, skule, barnehage, småbåthavn, kyrkje, park og naturområde. Eg har bil (ein gammal dieselbil som brukar om lag 0,4 liter på mila, men det er kona som køyrer på jobb - ho har sjølvvalgt 16 km til jobb - eg har ei fotballbane å gå over. Betalar berre bompengar når eg skal besøke ungane i Bergen, i tillegg til ferje når eg skal over Nordfjorden eller sånt. Husprisane er litt lågare enn Oslo/Bergen, men husværa er typisk 200 m2 einebustadar i staden for 70m2 blokkleiligheiter til denne prisen. Har skapelege kommunale utgifter, og tomt på litt over eit mål, med drivhus, garasje og ganske mykje hage/grønsaker. Det regnar ofte, men så slepp eg å vatne så ofte. Ikkje har vi hatt problem frå vassforsyninga heller. Næraste Starbucks er i Bergen, trur eg. Og vi brukar relativt lite kronasje på shopping, då det er lite sjanse til slike aktivitetar utan den berømte bilturen på ein knapp time eller så. Sjølvsagt litt marginalt om shopping og designkaffi er viktige element for din livskvalitet, men visse forsakingar må ein gjennom uansett.