OMF har et poeng: Om man ser litt mer kynisk på dette og legger eksempelvis FHI sitt scenario til grunn - hvilke kort- og langsiktige samfunnskostnader skal Norge være villige til å bære for å forhindre et begrenset (med utgangspunkt i scenariet fra FHI) dødsfall konsentrert i den eldste delen av befolkningen? Det ville eksempelvis ikke være en snøballs sjanse i helvete for at noe tilsvarende ble bevilget gjennom ordinær budsjettbehandling i Stortinget til noesomhelst her i landet om man ser på bortfallet en total nedstenging vil medføre for det offentliges inntekter både på kort og ikke minst på lang sikt. Det er normalt, som vi har vært inne på tidligere, i motsetning til hva som er populært å tro ikke slik samfunnet er villig til å bære enhver kostnad i av hensyn til liv og helse.
Nå snakker du som en ekte Høyremann igjen. Noen 1000 dødsfall er ikke så farlig, økonomien trumfer alt.
Er du over 60 år og trenger respirator i Italia? tough luck. Du vet hvem som er 62 år i disse tider? de har 30 år igjen å leve og har masse å gi, både til samfunnet og familien.
Har det noen gang hendt at du har vurdert å la være å prøve å slå politisk mynt på noe?
Opportunismen må man bare leve med. Her en en fin en fra BT
..
Korleis redde Noreg frå koronakrise? Fly meir!
Korona smittar ikkje berre frå flaggermus til menneske. Det smittar òg frå menneske til kjepphest.
https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/AdMGVr/korleis-redde-noreg-fraa-koronakrise-fly-meir
Det beste med ei skikkeleg krise er at det gjev partia ein sjanse til å finne fram sine fanesaker, setje «krisepakke» som overskrift og lansere krava som naudsynte og dagsaktuelle.
I Bergen var bompengegeneral Trym Aafløy raskt ute med sitt krav om gratis passering i bomringen for å hindre koronasmitte. No har rikspolitikarane kasta seg på. Endeleg.
SVs Kari Elisabeth Kaski meiner det må kome ein krisepakke i milliardklassen – og den må sjølvsagt vere grøn. Litt uavhengig av kva bransjar som blir råka hardast av koronakrise, har SV svaret:
«Å få verftene over til å bygge nullutslippsfartøy, investeringer i fornybar energi og utbygging av karbonfangst og -lagring, er industriprosjekter Kaski nevner», skriv NTB.
Det finst vel knapt eit problem i samfunnet som SV ikkje meiner kan bli løyst ved grøn omstilling. Men her møter dei motstand! For Frp vil nemleg ha ned flyavgiftene – av alle ting.
Partileiar og eks-finansminister Siv Jensen la fram sin grå krisepakke i Politisk kvarter tysdag. Det fekk NRKs programleiar Lilla Sølhusvik til å utbryte, nesten overraska: «Men i all verda – er det meir flyreising folk treng no?»
Og det er det jo ikkje. Men her må vi skilje mellom kva folket treng og kva Frp treng. For ein frisk debatt om klima passar både Frp og SV perfekt. Så får vi ta dei koronagreiene ein annan dag.
I same studio sat Aps Hadia Tajik. Ho var oppteken av at dette var ei tid der det var mykje partia kunne bli einige om.
Sjølv hadde ho ei rekkje krav på arbeidslivsfeltet regjeringa burde sjå på. Krava var ikkje direkte nye i Ap-samanheng. Men viktigast var det visst å ikkje ri kjepphestar – som Frps krav om kutt i formuesskatten.
Ved at det magiske f-ordet blei sagt, hadde Siv Jensen ein sjanse til å debattere skattekutt. Tajik kasta seg sjølvsagt på. Det var ikkje så lett å forstå kva det hadde med korona å gjere, men pytt.
Det er mykje rart som kan smitte når ein er plassert i ei skyttargrav.
Senterpartiets pr-folk hadde også jobba på spreng. Kva veg skulle dei ta inn i dette? Sjølvforsyningsgraden, naturlegvis.
No var det på tide å ta kampen mot Klimakur 2030, denne rapporten som har peika på at redusert kjøtforbruk kunne føre til attgroing i Noreg. Det einaste som mangla var eit krav om ulveskyting som sysselsettingstiltak for arbeidslause.
No gler eg meg til at Raudt skal krevje sekstimarsdag mot koronasmitte. MDG bør kome med eit krav om kjøtfri måndag for å hindre at vi får i oss koronasmitta dyr.
Og er det mogleg å få eit KrF-utspel om at krisetider som desse gjer at vi må auke løyvingane til kyrkja?
Bedrifter og arbeidstakarar får håpe at hjelpa kjem frå nokon andre enn politikarane. Dei har nemleg tenkt å sleppe kjepphestane fri.