|
Det bÞr vel vera musikarane si oppgÄve Ä laga god lyd. Om du har ein forsterkar, eller hÞgtalar, som "pyntar" pÄ lyden vil alt du hÞyrer pÄ verta farga. Ein slik forsterkar ville ikkje eg ha. Eg vil hÞyra lyden slik han var dÄ ho Anne-Sophie Mutter spela. MÄlet mitt er Ä attskapa lydbiletet slik det var under opptaket. Om ein musikar spela dÄrleg skal det lÄta dÄrleg. DÄrlege plater legg eg i restavfallsdunken. Men kanskje eg heller burde forera dei til nokon med rÞyrforsterkar.Eg har no "spela rundt" med alle format eg har. Det er nok ingen tvil om at SP10 fargar lyden, for i tillegg til vinylen let bÄde (SA)CD og bluray "betre" no enn med meir nÞytralt forsterkari. AltsÄ tilfÞrast det noko av denne gamlingen, noko som eg tykkjer er sÊrs attraktivt. SÄ no er eg pÄ veg bort frÄ det mÄlbart akkurate mot subjektivt opplevd realisme. Ein mÄ altsÄ stole pÄ eigne Þyrer innan denne hobbyen.
CTA 520. Grei forsterkar, eigentleg. Men litt for veik for meg. Det vert nok til at eg sel han, nÄr eg fÄr summa meg.Hva slags Copland er det du har Arve?
Mener du lyden i rommet der ASM spilte? Eller lyden rett etter mikrofonforsterkeren (som ikke umulig er rÞrbasert)? Eller lyden ut av mikseren fÞr den havnet pÄ spolebÄnd? Eller lyden under mastringen? Det blir feil Äkkesom og en utopi.Eg vil hÞyra lyden slik han var dÄ ho Anne-Sophie Mutter spela. MÄlet mitt er Ä attskapa lydbiletet slik det var under opptaket.
LeTube ja, hadde den m AudioReasearch D51 Orto SPU og QUAD 57SĂ„ typisk!
Etter Ä ha spelt sÊrs overtydande saman med Vera, skulle no SP10 riggast opp att. Og sÄ var det ikkje livsteikn dÄ eg endeleg hadde fÄtt alt klart. MÄ sjekke sikringane fÞrst....hÄpar ikkje det er noko alvorleg.....
SÄ dÄ er her ikkje lyd. Viss eg ikkje skal bruke den passive volumkontroll- og inngangsvelgjarboksen Creek OBH 15. Elles fann eg ogsÄ igjen min eldste forforsterkar, ein Jean Hiraga "Le Tube". med utgangsimpedanse pÄ 40 kOhm Veit ikkje om eg vÄgar bruke denne saman med Coplanden...
MĂ„let mitt er Ă„ attskapa same lydfeltet heime i stova som i opptaksrommet. Og dĂ„ meiner eg lyden slik ein tilhĂžyrarane hĂžyrer han i salen der musikken vert sppela. Det er sjĂžlvsagt ikkje muleg. Mikrofonane (spesielt fĂžlsamheitskarakteristikkane) og kvar dei er plasserte er nok ein av dei viktigast faktorane, saman med lytterommet, hĂžgtalarane, plasseringa av desse og lyttarane. SjĂžlv om eg meiner at rĂžyrforsterkarar er utdatert teknologi plagar det meg ikkje om lydtekninarane nyttar slike, sĂ„ lenge resultatet er bra. Men eg ser ikkje pĂ„ signalet ut frĂ„ mikrofonforsterkaren som ein referanse. Referanse bĂžr vera lydfeltet i opptaksrommet, der lyttarane sit. Eit symfoniorkester, til dĂžmes, let etter mi meining best omlag midt i salen, ikkje pĂ„ fyrste rad. Men det betyr ikkje at ein bĂžr plassera mikrofonane midt i salen. NĂ„r ein har rimeleg bra hĂžgtalarar hĂžyrer ein stor skilnad pĂ„ ulike opptak av same verket. Men ulike opptak er ikkje direkte samanliknbare: nokre musikarar (orkester, dirigentar og solistar) har gode og dĂ„rlege dagar. SjĂžlv om profesjonelle musikar er svĂŠrt rutinerte er det ikkje til Ă„ unngĂ„ at resultatet varierer litt frĂ„ dag til dag. Og same verket spela av ulike orkester kan lĂ„ta svĂŠr forskjellig. Til og med same verk, spela av same orkester, men med ein annan dirigent let ikkje heilt likt. Ein annan variabel er at ulike konserthallar har forskjellig akustikk; det finst berre ein GroĂe Musikvereinssaal. Og sĂ„ har ulike lydteknikarar ulik tilnĂŠrming til korleis eit opptak skal gjerast. Dette gjer det vanskeleg Ă„ samanlikna ulike opptak av same verket. Men det er likevel interessant.Mener du lyden i rommet der ASM spilte? Eller lyden rett etter mikrofonforsterkeren (som ikke umulig er rĂžrbasert)? Eller lyden ut av mikseren fĂžr den havnet pĂ„ spolebĂ„nd? Eller lyden under mastringen? Det blir feil Ă„kkesom og en utopi.
Jeg har fremdeles min SP-6B og det hender at jeg tar den fram for Ä spille litt pÄ den. Da kjÞrer jeg Benz LP rett inn pÄ 47K og uten annen forsterkning foran. Det gÄr helt fint, men sÄ bruker jeg Telefunken ECC803S rÞr og de er vel av de mere stÞysvake og med lyd som sannsynligvis er bedre enn alle andre ECC83 rÞr som finnes.Fikk forÞvrig byttet alle kondisene for et par Är siden og det var ogsÄ merkbart bedre enn de som satt i siden jeg kjÞpte forsterkeren for 40 Är siden.Har spelt ein del av bÄde vinyl og anna gjennom SP10. Triveleg, ja. Og sÄ har eg gjort avtale om Ä prÞve den nye modellen av effektforsterkar. Eg er spent pÄ om det er noko Ä hente pÄ ein forsterkar med endÄ betre data nÄr det gjeld vrenging. Eg tenkjer mitt, som i dette tilfelle at det er lite Ä hente nÄr eg brukar SP10 som forforsterkar - her ligg alt fingeravtrykket ganske tydeleg. Tidlegare trudde eg dette handla om riaatrinnet, men det er ogsÄ svÊrt gjevande Ä spele andre signalkjelder, som altsÄ gÄr berre gjennom linjedelen av forsterkaren. SÄ eg hÄpar pÄ at det er liv i gamlefar mange Är til.
Tidlegare, dÄ eg hadde ymse forforsterkarar ved sida av SP10, brukte eg av og til sistnemnde som reint riaatrinn, dvs. eg tok signalet frÄ tape out inn pÄ ein linjeinngang pÄ dei ulike forforsterkarane. Dette var (innan avgrensingane nÄr det gjeld passande pickupar til SP10) svÊrt nÞytralt, og absolutt til Ä leve med. SÄ eg undrar meg pÄ om det er linjedelen til SP10 som har denne "subjektive magien"... Dersom dette er tilfelle, kunne det vore spennande Ä gjort direkte samanlikningar med dei andre ARC-lengendene. Eg tenkjer dÄ pÄ SP6, SP8, og mest av alt SP3. Eg har hÞyrt alle tre (SP3 heilt utan kjennskap til det aktuelle anlegget, men likevel...), og var alle gongane svÊrt begeistra. SÄ kom SP10, og eg mÄtte berre kjÞpe.
Men den gongen var det vinyl som dominerte, og riaatrinn hadde alt Ä seie. 6 og 8 hadde svÊrt gode slike, men det var snakk om 47kOhm og mm. SÄ det var ikkje rart at SP10 danka dei ut, nÄr alternativa var dÄrlegare pickupar Ä beite pÄ, eller bruk av stepup og sÄnt. Det kunne difor vore interessant Ä teste ut desse tre modellane i direkte samanlikning med SP 10.
Det mÄ tenkjast meir pÄ dette. I mellomtida mÄ eg vente pÄ effektforsterkarar. Dei skal samanliknast med gamle, gode (?) Copland CTA 520. Og sÄ har eg funne fram frÄ glÞymselen den mest hysteriske forforsterkar eg har hatt i eige; ein Jean Hiraga "le Tube". Skal eg ta sjansen pÄ Ä kople denne sÊringen opp saman med stovereine hifiprodukt? Kjem det til Ä komme pip ut av anlegget nÄr forforsterkaren har ein utgangsimpedanse pÄ 40 kOhm? Og kva kablar skal eg bruke - det var denne saken som gjorde at eg hÞyrde skilnad pÄ signalkablar, reknar eg med (du kunne hÞyre skilnad pÄ flod og fjÞre ogsÄ, tenkjer eg...)
Men no mÄ hagen sjekkast. Kan ikkje vere heilt nerd heller....
Eg viste ikkje at 3.kanals SACD-plater er Ä fÄ kjÞpt. Harry Olson laga eit trekanalssystem medan han var tilsett hjÄ RCA, kalla RCA Victor Dynagrov [1], men det var ikkje mynta pÄ forbrukarar. SÄ lyden vart miksa ned til to kanalar og gravert pÄ LP. Men SACD-platene du syner til nytta kanskje ikkje dette systemet?Du har rett, Bolinder, i det at du kan hÞyre skilnad pÄ konsertsalar, dirigentar og ymse musikarar si dagsform. Iallfall pÄ nokre opptak. Eg framhevar gjerne RCA sine Living stereo frÄ rundt 1960. Desse har ganske tydeleg rominformasjon.
Elles finnest ein del av desse i trekanals SACD-utgÄver. Dei tre kanalane var opprinneleg for Ä spele inn vinylutgÄver, hÞgre og venstre kanal skulle vere til stereo, medan midt-mikrofonen gjekk til mono. Dette var gjort pÄ ein trekanals bandopptakar, og kan altsÄ attgjevast med nymotens teknologi. Eg hÞyrer likevel helst pÄ stereoutgÄvene pÄ vinyl. Mellom anna fordi eg ikkje har rÄd til ein hÞgtalar til Ä setje i midten, og sÄ er det svÊrt fÄ verkeleg gode tre-kanals rÞrforforsterkarar....
Har du katalognummeret? PÄ Discogs finn eg SVC-92 HD, men det er vel ikkje denne?Trudde eg hadde nokre 3 kanal SACD,men fann berre ein,kan vÊre fleire pÄ loftet.Igor Stravinsky,A soldiers tale,dirigert av Leopold Stokowski.Utgitt pÄ Vanguard.
Vanguard Classics ATM SC 1559Har du katalognummeret? PĂ„ Discogs finn eg SVC-92 HD, men det er vel ikkje denne?
Det som vert diskutert her er nedmiksing frÄ tre til to kanalar. Men korleis musikken var oppteken diskuterte dei ikkje; truleg hadde dei ikkje sÄ mykje opplysningar om det. Denne typen trekanalsopptak er kanskje mynta pÄ film? Youtube-lyden er og blir obehageleg Ä hÞyra pÄ. Forklaringa ligg nok i at det vert nytta AAC, som for DAB+ [1].For de som er over gjennomsnittet interessert
Dette er vel hybridplater (SACD), sÄ for Ä spela DSD-versjonen lyt ein vel ha ein SACD-kompatibel spelar? Sony og Philips laga dette systemet for Ä tena pengar pÄ Ä selja lisensar, sÄ dei gjorde sitt beste for Ä hindra digital kopiering. Og dei spelarane eg har sett har berre analog utgang. SÄ da fÄr du vel berre to kanalar ut?Her er nokre av mine. Eg lyttar som regel i stereo, og fÄr dÄ skikkeleg romoppleving. Men det gjer eg ogsÄ pÄ 5.1-anlegget, om enn ikkje i slik grad som med 2.0 og mbl.
Berlioz: Symphonie Fantastique: RCA 82876/676373-2
Scheherazade: 82876-66377-2. Ei av mine absolutte favorittplater, spesielt etter Ä ha hÞyrt verket i Stadlandet grendahus, sitjande to meter frÄ solofiolinisten. Plata er etter mitt syn endÄ betre RCA LSC 2446
Fiedler/Boston Pops (mykje bra derifrÄ. Her er eit "best of" samlealbum med lÄtar frÄ 1956 - 1960) RCA 82876-67895-2
Mange likar Fritz Reiner/CSO, eg har like stor sans for Charles Munch/BSO, til dĂžmes eit par Beethovensymfoniar: RCA 82876-67898-2
Alle mÄ ha ei favorittinnspeling av Saint-Saens sin orgelsymoni. Eg har ein annan, men her er Munch/BSO: RCA 82876-61387-2
Denne er ogsÄ best pÄ vinyl: Mussorgsky m.m. : RCA 82876-61394-2
Virgil Fox sine orgelinnspelingar er valdsame. Denne er meir normal: RCA 82876-71626-2 og har flott orgelakustikk.
SÄ ei plate som eg berre har funne med den sÄkalla "dynagroove"-teknikken pÄ vinyl. Dette let skit, men SACD-utgÄva er faktisk betre enn vinyl: Dvorak nye verda: RCA 82876-66376-2
Til sist ei Rhapsody in blue med Fiedler/Boston pops: RCA 82876 - 61393-2
Eg trur eg har ei fullstendig oversikt pÄ heile katalogen frÄ RCA ein stad. Men mÄ leite litt, om nokon er interessert.
Julian Bream spelar Concertio det Aranjuez
FÄr ein da ut dei tre kanalane pÄ Vangard-platene pÄ PCM-format?Sony X800M2 UHD spelar SACD via HDMI.SACD kan rippast via enkelte Oppo og Pioneer spelarar,samt tidlige PS3 + nÞdvendig software.Alle Oppo spelar SACD med 7.1 multikanal ut og HDMI.
Od kan fÄ ut tre PCM-kanalar?Eg har ein Oppo 105 der eg kan velje DSD eller PCM.
I 2 eller 3 kanalar?Spilleren viser SACD PCM,receiveren viser den at den mottar PCM.