Takk for sjansen til oppklaring. Eg forstår at du har ein annan innfallsvinkel enn meg til hifi (sjølv er eg gammal rockebassist, med stor sans for klassisk musikk, medan du tydelegvis har ei meir ingeniørmessig tilnærming til problemstillingane som vert diskuterte. "Aust er aust, og vest er vest....", sa Kipling....Sånt kan det bli rot av) Eg håpar du ikkje tolkar mitt svar som aggresivt denne gongen. Det er ikkje meininga.
Transparent tyder "gjennomskineleg". Når ein skal bruke ein lydleg allegori til dette, kan det tolkast i ulike retningar. Fyrste gong eg såg det i slik bruk, var det i The absolute Sound, og då (slik eg oppfatta teksten) gjekk det i retning av å kunne høyre detaljar i lydattgjevinga. Eg har sjekka med Store Norske Leksikon (
https://snl.no/.search?query=transparent) og ser ikkje ordet eksemplifisert i bruk av lyd. Eg har lagt mine gamle TAS-magasin på loftet, og leitar såleis ikkje opp referansen der. Så etter SNL; omgrepet tyder eigengleg gjennomskineleg, og som allegori/overført tyding vert det brukt i samband med opne prosessar og liknande. (Der er eit døme til: Transparent, eller "lysark", som vi lærarar brukte den gongen vi hadde "overhead projector" som arbeidsreiskap. Før vi fekk elektroniske tavler og liknande. Dette er ikkje relevant i vår samanheng)
Eg har sett ordet "transparent" i lydleg samanheng fleire gonger sidan eg las mine TAS-magasin fyrste gongen, og innimellom tydelegvis brukt i ei noko anna lydleg forståing. Ein konsensus rundt meininga med dette på vårt felt, er etter mi meining oppklarande, og vil vere ein fordel. Sjølv har eg vore forsiktig med omgrepet, og prøvd å forklare fenomen med "oppløysing" og "detaljrikdom". Samanlikna med den opprinnelege forståinga "gjennomskineleg" vil anna bruk av ordet vere ein allegori. Allegoriar forståast best i ein kontekst, og desse kan føre til ulike tolkingar. Kanskje du har ei referanse der transparens vert definert når det gjeld lyd?
Flat kan sjølvsagt forståast på dei måtane du refererer til (flatt øl er triste greier), men "flat" tyder vel eigentleg horisontalt, altså parallell med horisonten. Når dette overførast til eit instrument, t.d. eit osilloskop gjev det meining. Så her kan vi ikkje etymologisk kalle det ein allegori. Flate kurver er eit innarbeidd omgrep, til dømes i matematikk.
Eg har innimellom fått kike på ein del målekurver opp gjennom åra, og det er forvirrande. Men eg har lagt merke til at nokre rørforsterkarar ikkje har heilt linjalbein frekvensattgjeving, medan transistorforsterkarar i regelen er rette. No kan eg ikkje komme med eksempel på desse i farten, men når det gjeld høgtalarar har eg aldri sett fullkome linjalbeine kurver over det høyrbare frekvensområdet. Men eg har ofte erfart mange høgtalarar med dalsøkk og toppar, som eg likevel har likt godt. Lat oss ta ei referanse mange kjenner: Rogers LS 3/5a. Denne leverer svært lite nivå under 60 Hz, og har ein kraftig topp i midbassen (trur det var ca 120 Hz eller så). Eg samanlikna desse i si tid (snart 40 år sidan) Med Dick Sequerra sin Metronome 7, som hadde liknande fysisk utforming, men mangla desse "avvika" frå flat frekvensrespons. Mange andre høgtalarkonstruksjonar har vore innom, og til dømes IMF TLS 80II gjekk djupt ned, hadde ein del avvik frå flatt. Etter kvart fekk eg høve til å låne ein Behringer 8025, og ved hjelp av ein mikrofon som fylgde med ein Harman Kardon surroundreceiver fekk eg trimma ei relativt flat frekvenskurve (då hadde eg InnerSound Eros hybridelektrostat med transmisjonslinjebass). Eg spelte på dette eit halvårs tid og trudde eg var fornøgd, men då Behringen vart fjerna, opplevde eg lyden som betre. Eg har vurdert å få spisskompetanse hit til audiophile-stova for å fintrimme, men har lagt det på is, all den tid eg ikkje finn ein direkte samanheng mellom "min favorittlyd" og frekvenskurvene som måtte dukke opp.
Så for å svare på spørsmålet ditt; eg brukar ikkje ordet "flat" i negativ forståing om lyd (berre om øl og sånt), og knyter korkje positive eller negative kjensler til ei flat lydleg kurve. Eg
trur likevel at det er lettare å forholde seg til forsterkarar som har flate frekvenskurver, men er ingen fanatikar her.
Ufarga har eg bruk i tydinga "nøytral" fleire gonger. Med det meiner eg at eg ikkje registrerer at eit spesielt frekvensavsnitt vert framheva eller maskert. Korkje positivt eller negativt. Men motsetninga "farga" har eg gjerne brukt negativt (heller ikkje politisk korrekt i desse tider då ein skal vere varsam med ting som kan tolkast på ein diskriminerande måte). " varm" og "kald" lyd er allegoriar eg gjerne brukar. Dei er det vel rimeleg konsensus om.
Håpar dette er oppklarande.
Eg likar godt å skrive på Sentralen, og er ikkje ute etter å ta nokon. Sjølv om eg innimellom prøver å oppsede Deffe og sånt, då. Men det skulle då berre mangle. Når det gjeld det som ikkje er offtopic, er min innfallsvinkel at eg undrar meg over ting. Ettersom eg no ikkje høyrer høgre frekvensar enn knapt 13 kHz undrar eg meg mindre og mindre over det eg ikkje høyrer.
Elles har eg svært lenge vore klar over at matchinga mellom effektforsterkar og høgtalar er viktig, og at det har noko med impedansen å gjere. Det er storarta om ein kan vere "metereolog" og på førehand seie korleis ein gjeven konstellasjon vil oppføre seg, utan å måtte drage med seg t.d. 60 kg effektforsterkarar heim att, som eg har gjort i påska... Eg lurer også på om det å sette ein transformator eller to mellom effektforsterkar og høgtalar vil fjerne denne variabelen, og om det er akkurat dette som gjer rørforsterkarar interessante (ja, og Tosken sine McIntosh-monster - har ikkje dei 1:1-utgangstraforar?