Dette er ein skvis der det er vanskeleg for Ap same kva dei gjer.
LO og Ap har levd saman sidan starten, og LO vil ha sentrale, kollektive forhandlingar slik det "alltid" har vore, men mange av dei som no er reelle kjerneveljarar for Ap (som lærarar og sjukepleiarar, begge "akademiske" yrke ofte med masterutdanning) er organiserte i UNIO, som etter ei brå vending i 2022 slutta seg avtalen Akademikerene hadde hatt frå 2016. Samtidig er LO - i staten - ganske små samanlikna med UNIO og Akademikerne.
Løysinga i forhandlingane var å tilby felles avtale, men med eit innhald som i stor grad tilsvarte det UNIO og Akademikerne hadde. Resultatet er at ingen eigentleg er superfornøgd med noko som helst, og Ap har kome ut av dette litt slik ein kunne forventa - på ræva: Tvungen lønsnemnd, sure sjukepleiarar og lærarar, misfornøgde LO-akademikarar (som, ja, er ganske få i heile biletet).
(Når det er sagt, her og i andre trådar, trur eg at dei fleste vel fagforeining
ikkje ut frå kva prinsipp desse legg til grunn i hovudoppgjeret, men ut frå 1. kva kollegaene er med i, og 2. den jobben lokale tillitsvalde gjer).