Har vurdert det same,
@Retep, men ombestemmer meg kvar gong.
For min del handlar det om at fritida er totalt dominert av ungar og familie, så eg gremst over å ha tre hyllemeter vinylplater ståande som eg sjeldan får brukt (i tillegg til at samlinga er tildriv til å kjøpa meir vinyl, for det er jo så mange plater ein burde hatt).
På hi sida anar eg ikkje kva samlinga er verd og kva ho kunne vore selt for, så eg slepp å tenkja på at det står så og så mange tusen kroner og tek opp golvplass. Dessutan ser eg føre meg at eg kjem til å høyra på vinyl att når eg berre får tida, så det er litt som ha ein gamal veteranbil i garasjen, tenkjer eg.
Er imponert over kor handlekraftig du er.