Du skjønte at det er skulk de snakker om eller?
Ja, eg tenkjer også på dette som “skulk”,
men:
For ein del psykiske lidingar er det faktisk
akkurat dette både psykiatarar og psykologar tilrår, nemleg å roa ned og «ta time-out» når presset vert for stort. Då gjerne ledsaga av ei eller anna form for gradert sjukemelding. Det er ikkje alle psykiske plagar som let seg løysa med psykofarmaka, og det er uansett ganske populært å prøva å unngå det.
Det er jo mogleg at ein del legar tilrår å bruka eigenmelding til slikt, men eg tenkjer at dette er eit tiltak der det iallfall bør vera ein lege i biletet; å sjølvmedisinera med «mental health days» på arbeidsgjevars rekning er litt som å sjølvmedisinera med tunge opoidar. Du gjer ikkje
det, fordi det er nesten umogleg å regulera sjølv kva som er bra/nok.
Edit: Det ser jo ut som dette gjeld ho som er intervjua; ein slags langvarig tilstand med angst (utan at ho brettar ut heile diagnose-komplekset sitt): då er det nesten sikkert både lege og DPS inne i biletet.
Eksponering («kom deg på jobb, og møt utfordringane») er ein
annan måte å løysa psykisk sjukdom utan medisin, og gjerne brukt saman med tilstrekkeleg kvile og ro.