Du vinkler dette feil. Det er ikke skolene som forsvinner, men folkene. Folkene i bygda har flyttet til byen. Skoletilbudet er der i dag, men skolene står igjen halvtomme. Halvtomme skoler slås sammen av økonomiske årsaker.
Distriktspolitikken har blitt Norges dyreste hobby, på linje med U-hjelp og klimasaken. Hvem skal ut, mener du?
Sjølv om befolkningsnedgangen er der, er det delvis eit vikarierande argument i denne samanhengen. Klart: ein meir desentralisert struktur i seg sjølv er dyrare enn ein (meir) sentralisert. Iallfall dersom om det er ledig kapasitet på sentrale skular. Og iallfall så lenge hybelkostnader er delt mellom stat og foreldre. Sjølvsagt.
Når fylka har bygd ut eit desentralisert tilbod, i takt med at vgs i praksis er obligatorisk, så har det med ei klar oppfatning av at det å bu heime, og gå på skule ikkje så frykteleg langt unna, er eit gode. Eg trur dei aller fleste er einige i det. Også at det er positivt for eit lokalsamfunn å ha ein skule.
Men Lom, som det har vore skrive mest om, er ikkje halvtom. Berre liten.
At dei vel å spara pengane på å sentralisera, kanskje heller enn å leggja ned kreative linjer eller redusera fagtilbodet (alle vil kutta "Musikk, dans og drama"-linjer, td, det er skikkeleg dyrt og produserer heller ikkje faglærte arbeidarar): Det er eit politisk val. Akkurat som det er eit politisk val at kutta kjem i vgs-tilbodet.
Greitt nok, det er det vi har fylkeskommunen til - å ta slike val (då er det opning for at dei kan vera dumme, også). Men dei burde ha mage nok til å seia at det er det dei gjer, og ikkje bruka SSB-framskrivingar som ein fasit på korleis strukturen bør vera i dag.
Kva kommunestyret i Vågan tenkte på då dei vedtok å byggja ein skule til 87 mill for eit faktisk elevgrunnlag på 24, er eg meir usikker på, og eg er usikker på om det burde vera lov å vera så dum.