Det var iallfall mange som det ikkje gjekk så bra med av dei som tok lågaste kursplan, sjølv om dei gjerne fekk seg jobb i industrien. I dag ville det vore direkte taparutdanning, ettersom vi ikkje har så mange arbeidsplassar der ein kan klare seg med tilnærma inga utdanning. Lærlingar må ha eit par år på vg før dei slepp til, og fiskebåtane fyllest opp med russiske fiskarar.
Når det er sagt, er det heilt klart betre å undervise ei klasse der alle er motiverte for faget, eller i det minste er innstilte på å jobbe og halde kjeft. Men du treng berre eitt råte egg for å øydelegge omeletten. Vi har vel større utfordringar enn nokonsinne når vi skal differensiere eit individuelt opplegg for alle. Det skjer berre ikkje - med 30 elevar i klassen må du gje elevane nokre alternativ som dei sjølve går etter. Vi lagar IOP (individuell opplæringsplan) for dei elevane som har einskildvedtak, men dette er svært få - berre aktuelt for dei som har diagnose.
Ein av grunnane til at det gjekk som det gjekk
Eg har sett årsplansystemet for montessoriskulane, som eg likar godt. Dette er ikkje mykje brukt i offentleg skule, men kvifor ikkje? Elevane har eit "kunnskapshjul" der det var lista opp alt dei skulle lære. Så var det laga planer for kva dei skulle arbeide med (Montessori-læremidla er svinaktig gode, men forferdeleg dyre, og så må du vere "sertifisert" for å få kjøpe dei. Sjølvinstruerande og tilpassa at elevane einskildvis skal arbeide med dei) Elevane er også sosialiserte til å vere stille, gå til det aktuelle, ledige læremiddel, ta dette til arbeidsstad, gjere jobben individuelt, notere at ein har gjort seg ferdig, og sette læremiddelet attende på plass, klar til neste brukar. Ein brukar sjølvsagt ikkje dette heile tida, men læraren vert frigjort til å jobbe med ein liten del av klassen med anna undervisning. Fantastisk fint for å få tid til å fylgje opp elevar, og Maria Montessori fekk også massevis av "spesialelevar" gjennom systemet sitt integrert og sosialisert saman med dei andre elevane - det vert sagt at ho åleine kunne ha 100 elevar på ein gong (det skulle dei med ansvar for skulebudsjetta visst) Dette er svært god organisering av timane, men betingar altså denne sosialiseringa fyrst.
Sjølv har eg arbeidd om lag halve karrieren i aldersblanda skular, små grendaskular der dei ulike årstrinna gjekk i same klassegruppe. Der eg var i fyrstninga, gjekk 1-2-3.klasse i småskulen, medan 4-5-6 var storskulen. To klassar, og totalt under 30 elevar. Fast regelverk for dette - hadde du 31 - 48 elevar, skulle skulen delast i tre klassar.. Systemet var svært bra når det var etablert, slik det alltid var i gamle dagar, for slik har vi drive skule i distrikta "alltid" (vi hadde omgangsskule før 1860, men det kan vi snakke om ein annan gong).
Elevane som kom inn i 1.kl kunne ha eldre sysken som hadde gjeve dei informasjon om kva dette gjekk ut på. Var dei heldige, hadde dei kanskje ei storesyster i 3.klasse. Iallfall eldre kjenningar. Dei var lengst nede på rangstigen, men ikkje meir enn eit år, då dei vart 2.klassingar og måtte ta omsyn til dei som var yngre. Men no hadde dei prøvd det sjølve, og utvikla ein heilt naturleg empati med dei nye fyrsteklassingane. Og neste år, då dei var "kongar på haugen" i tredje klasse, hadde dei lært alt om ansvar, og korleis ein skulle te seg. Dei tre neste åra fekk dei ein repetisjon av dette systemet, og kunne reise til ungdomsskulen i kommunesenteret med større sosial kompetanse enn sine nye klassekameratar.
På den store, moderne sentrumsskulen hadde laupet vore ganske annleis. Dei fleste elevane hadde gått i barnehage saman, og dei sosiale relasjonane hadde etablert seg der. Cristian og Ronny hadde alt før skulestart etablert seg som dei dominerande og merknadskrevjande i fyrste klasse. Klassen definerte seg før haustferien i fyrste klasse, og endra seg ikkje før ulik fysisk modning gjorde at mobbeoffer-Marius vart fysisk større enn dei to plageåndene sine (men då var det gjerne for seint - gamle mønster var etablerte. Lyttepensum i musikk: Salhus-vinskvetten: "Ronnyen og Kveitebollen")
Så kom fyrste skulereform. Mønsterplanen av 1987. Dette var Kjell Magne Bondevik sin plan. Og her gjorde han sin beste jobb som politikar. Denne opna for grendaskulepedagogikken, og førte også til mykje bevisstgjering rundt arbeidsmåtane i dei små skulane. Det starta eit stort arbeid med å systematisere og dokumentere arbeidsmåtane, men det stoppa fort opp...
Den store feilen vart nemleg også gjort denne tida. I frå eit tungrodd, statisk og regelstyrt system der kommunane fekk ein nøyaktig kronesum som skulle brukast på talet på skular, talet på elevar og framlegg til minstekravsliste (har dukka opp slikt framlegg heilt sidan normalplanen av 1939, men det har aldri vorte vedtatt - altfor dyrt), gjekk ein no over til nytt, kommunalt inntektssystem. I lokaldemokratiet sitt namn vart det no opp til dei lokale politikarar å bestemme over heile pengesekken. Kommunane fekk ein stor sekk pengar, og med det ansvar for å fordele det sjølve mellom skule, helsevesen, vedlikehald og andre kommunale oppgåver. Staten skulle ikkje detaljstyre lenger, og alle ropte hurra. Det fylgde også med ein god slump pengar i 1986 og 1987, slik at alle vart fornøgde. Og det er gjennomgåande siste gong det var satsing på skuleverket i Noreg. Seinare budsjett auka ikkje i takt med utgiftsnivået (det gjorde heller ikkje lærarlønningane), og kommunepolitikarane måtte prioritere. Og kva prioriterast av folk som ligg og døyr og ungar? Rundomkring her var det iallfall ikkje ungane. Sidan 1986 har meir enn 1200 skular - over 1/4 av norske skular vorte lagde ned. Nokre få av naturleg utvikling, men hovuddelen ut frå økonomiske vurderingar. Og det trass i at m.a. skulesjefen i Bremange har dokumentert at samfunnet ikkje sparar noko på skulesentralisering. (for å seie det flåsete; ein overfører pengane frå lærarane til bussjåførane og fysioterapeutane).
I det siste snakkast det om skulekvalitet, at desse små skulane bør leggjast ned, og ungans skyssast inn til skikkelege, fulldelte skular. Dei har fleire argument fordi
Miljøa der i utkantane er for små.
Vel, den sosiale kompetansen elevane utviklar på små skular er dokumentert til å vere betre enn på store. Det har med relasjonssystemet å gjere. I friminutta på små skular er det fellesaktivitetar, der dei aller fleste anten tek del, eller forheld seg til nesten heile tida. På dei store skulane er det dei flinke elevane som pantar ballbingen. Er du i ballbinge, er du på utstilling. Og dersom du ikkje har høg status, kan du ikkje tillate deg å skyte bom når det skal siktast på mål. Er du anerkjent som flink, ropar alle "synd" når du bommar, men har du ikkje denne statusen, ropar dei i staden "idiot". Dei gongane ein av dei to-tre inspiserande lærarane observerer dette, vert det av og til påtala, av og til notert på ein gul lapp til kontaktlærar, men også av og til ignorert. Så når du har fått "idiot" etter deg nokre gongar, held du deg unna bingen. Då vert du heller ikkje betre å skyte på mål...
Faktisk er det i ein skule med 12 elevar høve til 144 relasjonar, som er langt meir enn kva sjølv dei mest overaktive greier å hanskast med... og om du er på den store skulen, skal du studere i friminutta kor mange som går åleine, eller som går to og to saman. Desse siste er heldige, som har ein bestevenn i same situasjon (eller i det minste er på same statusnivå). Men dei er i faresonen likevel. For det dei pratar om, er dei andre -dummingane. Teite lærarar, teit skule, teite dei andre.. det er fort negativisme som utviklar seg. På den vesle skulen, er ein avhengig av at alle er med for å få til god gruppedynamikk. Eg var ein gong på ein skule som var så liten at det berre var ein fyrsteklassing. Eg såg at han eigentleg ikkje ville sparke fotball, men dei andre ville ha han med, fordi laga vart så teite om det ikkje var med ein til gut....han vart som oftast med, men stilte då krav om at dei skulle leike ein annan leik neste friminutt. Så fekk han vilja si - og dei i storskulen måtte jenke seg litt iallfall, og gjerne halde på med ein annan leik ei stund.
Den faglege kompetansen i små skular vert avgrensa, fordi det må vere så få lærarar der.
Det er rett, er det fire lærarar på ein skule, skal det alvorleg mykje til før ein har mastergradsnivå i norsk, matte, engelsk, naturfag, samfunnsfag, og dyktige læararar innan mat-og-helse, kroppsøving, musikk, kunst-og-handverksfag, og gjerne litt kompetanse i dei åtte nye valfaga som innførast for 8 klasse til hausten. Normalt har du kanskje 4 - 6 årseiningar i eit slikt kollegium, og det vil sannsynlegvis vere knapp kompetanse innan eitt eller to fag. Men det er faktisk inga katastrofe. Skulen fungerer ofte svært bra likevel. Eg har sett fleire døme på skular der lærarane har ganske lite (eller i eitt tilfelle er fullstendig blotta for) formalkompetanse i eit fag der dei skårar svinaktig høgt på nasjonale prøver. Sjølv om det ikkje akkurat kan seiast å vere ei ulempe å ha fagleg ballast (det er eit stort pluss, har eg sjølv erfart), er det ikkje ein spesielt stor suksessfaktor for gode resulat.
Det er dyrt å drive små skular. Det må vedlikehald av bygningar, og ein del basisinvesteringar som kjem relativt få elevar til gode.
Det kan vere, men når vi ser kor lite som totalt brukast på skuleverket for tida, er det påfallande kva dette norske samfunnet ikkje har råd til å koste på framtida sine generasjonar....