SAIC selde 23'000 bilar i Europa i januar, samanlikna med 9'900 frå Tesla. Det er vel MG og Maxus som er dei mest kjende merka frå SAIC?
Flere europeere kjøper elektrisk bil, men færre vil ha Tesla.
e24.no
Eg har
svært store reservasjonar mot både kinesiske bilar og Tesla, men sidan eg har ikkje planar om bilkjøp innanfor planleggingshorisonten min kan du ta reservasjonane med ein neve salt.
Eg er heller ikkje typen som forlystar meg med å prøvekøyra bilar for gøy (faktisk prøvekøyrde eg ikkje dei tre siste bruktbilane vi kjøpte, heller), men eg kunne faktisk likt å prøvekøyra Dongfeng Nammi. Ikkje fordi eg kunne tenkja meg å kjøpa ein slik, men fordi eg tykkjer det er interessant kva som er att når nybilprisen er NOK 250'000.