Det er det neppe nokon grunn til, men det vert temmeleg interessant å sjå korleis dei store tech-verksemdene i USA tilpassar seg Trump-regimet etterkvart. Så langt er det vel berre Bill Gates som har teke ordentleg til motmæle, og han er verkeleg gårsdagens mann. Google og Apple på tidleg 2000-tal fekk mykje kred for å ikkje gje ved dørene då USA, etter 9/11, innførte innanlands datafangst litt stokk over stein.
Har prøvd (i fjor haust) å ha nokre "samtalar" med ChatGPT om geopolitikk i Asia, og mitt inntrykk er at om det er noko bias der, så er det i det vi kan kalla "liberal internationalist"-retning; altså at ein anerkjenner at har gjort grove overtramp i fortida utfrå rein eigeninteresse, men at "nu går alt så meget bedre".
Det første eg testa med DeepSeek var sjølvsagt "kan du peika på negative trekk ved styret til Xi", og "Kva hende på Tiananmen i 1989". Svara var ganske føreseielege (ligg ute i OpenAI-tråden), men eg vart likevel litt overraska over kor ærleg dei viste fram sensuren.