Vi var på fest, på ein stad med utsikt der ein kunne sjå heile bygda. Eg konstaterte:
- Frp-folka hadde lyset på.
- Handelsstanden hadde lyset på.
- Dei kommunale gatelysa stod på.
- Den nedlagde gamleskulen var som vanleg mørklagd.
- Få lys kom på att då Den Stille Timen var over. Folk hadde nok gått trøytte, så dei gjekk og la seg.
- Då eg kom heimatt, var ikkje berre lysa sløkte. Kontakene for data, hifi og harddiskopptakaren til TVen var tekne ut. Eldstejenta tok tydelegvis dette svært alvorleg. Det einaste som var på, var hennar eigen bærbare PC, som ho chatta på.
OK. Men om neste generasjon ikkje prøver å frelse verda, korleis skal det då gå?