Ja, og specsa du viser til stemmer jo med det eg skreiv - 2x AKM AK4497 i D70S. Og om ein gjer litt nøyare undersøkelsar, så finn ein at dac-chipsa sitt fulle navn er (AKM) AK4497EQ.
Og når det gjeld E70 Velvet, så er bestykninga 1xAKM AK4499EX. Legg ved link til HFS Nettbutikk si side for denne:
Topping E70 Velvet er en fullbalansert d/a konverter med AK4499EX databrikke. USB opptil 768Khz og DSD512. RCA og Optisk inngang opptil 24/192kHz. Bluetooth med LDAC.
www.hifisentralen.com
AK4499EX er ein ny dac-chip frå AKM, som tar opp arven etter AK4499, som var flaggskipet til AKM før fabrikken brann.
På AKM sine heimesider skryt dei om kor bra denne AK4499EX er, og at dei har brukt "Velvet-teknologi" i utviklinga.
"Vanleg" E70 -> ikkje Velvet, bruker for øvrig 1xESS9028PRO.
Så eg står fast på min påstand - at AK4497EQ og AK4499EX ikkje er same dac-chip, og dermed er det IKKJE er same dac-chip i D70S og E70 Velvet!
Når det er sagt, så er eg veldig godt nøgd med min D70S, så eg kjem til å sjå nøye på produktlista til Topping også neste gong eg skal handle meg ny dac!
Mvh Arild