Eg tenkte instinktivt at filmen kollapsa totalt på slutten. Ut frå tradisjonell amerikansk logikk skal film byggja seg opp til det store slaget på slutten, og det skal koma ei slags forløysing. Men her byggjer det seg opp til eit "pfft".
Det er ikkje eit logisk pfft; snarare tvert om: Det er ingen grunn til at 'The Killer' skal drepa Claybourne, fordi motivet til 'The Killer' ikkje er hemn. Det er framtida. Og alle spor, alt som kan utfordra sikkerheita til 'The Killer' og kjærasten, er alt eliminert. Det er rett og slett ikkje fare for ei ny runde, men 'The Killer' veit ikkje det før han har snakka med Claybourne.
Elles, det vil seia, det var ikkje fare for det, heilt til han plutseleg stod på kjøkenet til Claybourne med ein pistol. Som han konkluderte med på flyet til Chicago: dette drapet kjem til å verta etterforska. Så han handlar, ikkje med eit overraskande snev av menneskelegheit, men heilt i tråd med logikken han introduserte i starten, ved å
ikkje drepa. Dette var den måten han best kunne minimera risiko.
Den logikken: han må eliminera, eller iallfall minimera, alle moglegheiter for at han/kjærasten kunne verta angripen att, er det som driv han gjennom historia. Difor hjartelause drap på folk som eigentleg var tilfeldige (taxisjåføren, Delores). Difor er det umogleg å be han om nåde.
Litt meir her, som eg fann då eg måtte googla namnet Claybourne
Two theories on why The Killer didn't kill the man who started it all.
thecinemaholic.com
Sitat frå Fincher sjølv:
He's the one person who has no idea where [the Killer] lives. [Leo] did smoke an entire pack of cigarettes out in front of [the Killer's] property. So this is somebody who could deliver evil, or retribution, to him. When he finally meets up with [Claybourne], though this guy is probably involved in eight or ten incredibly nefarious things, he's not the puppet master of it, he's just bankrolling it.
Look, it was a real bone of contention with everybody, who was like, Oooh, why are we not going to get our vengeance fix? But he doesn't really rise to the level of having to be dealt with. He's standing across from this guy in his Sub Pop shirt going, Are you a threat to me? You don't seem like a threat. It seems like you could hire somebody who could be a threat to me, but it also seems like you're easily dissuadable.
Eg trur, når eg tenkjer meg om, at poenget på slutten kunne vore betre og meir truverdig gjennomført.
Den sekvensen mellom Swinton var rar, einig i det, først og fremst lagt inn for at ho skulle koma med meir kvasi-filosofi om yrket og visa ein beundringsverdig "sang froid", og for å visa at han hadde rett då han ville drepa henne (jf. kniven ho drog). Kvifor han eksponerte seg slik, gjev ikkje logisk meining.
Edit: Skribenten i Time meiner der ei nøkkelscene. Eg er usikker.
A pivotal scene between Michael Fassbender and Tilda Swinton is key to understanding Fassbender's hit man in David Fincher's new Netflix thriller.
time.com
Slik sett er filmen også ein metakommentar til heile leigemordar-sjangeren:
Du skriv at du ikkje trudde på han, men han er nærast ein perfeksjon av slik leigemordarar vert framstilte på film: kald, kynisk, nådelaus, forretningsmessig. I tillegg har han droppa å vera stilig til fordel for "gray man"-kamuflasje. Vanlegvis vert det sagt at dei er det og gjer det, men så er dei kjempestilige heile tiden likevel og det vert avslørt at dei er hjartegode menneske inst inne. 'Le Tueur' er ikkje hjartegod, han er fullstendig umenneskeleg (på godt og vondt).