Med ditt golv og tettbygde høgtalarar som veg ein del, er det kanskje ikkje nødvendig med spikes i det heile. (Soundcare kan truleg gjere jobben betre enn mykje anna, dersom du no skulle trenge oppstramming av bassen og presisering av lydbilde)
Hjul har absolutt sine fordelar gjennom "kveitebrødsdagene", der ein gjerne vil prøve ulikt (når det gjeld plasseringar) - alltid lurt når ein har såpass flotte høgtalarar. Sjølv hadde eg høgtalarane ståande på handkle. Det gjer dei lettare å drage, men hjul er sjølvsagt det aller enklaste.
Eg kjem ikkje til å så mykje som prøve originalspikane. Skal nok prøve Soundcare og Holfi-gummiklossar om ei stund, men når dingsane veg over 80 kg stk, satsar eg på at tyngdekrafta held dei stabilt på plass...