Jeg synes det er litt trist, men også megetsigende, at det skal være kontroversielt å forvente at lærerstudenter og lærere evner å løse slike enkle oppgaver som dette. Er det refleksen om å støtte sine egne, uansett hvor lite skikket de er til å være blant dem som slår inn?
Det går heller på analysen av kva problema i skulen eigentleg er, og korleis dei skal løysast. Ei ordning med (relativt) lågt lønsnivå, lavkostskule, eit forkvakla læringssyn (der ein trur at kunnskap og læring er ei konkret og målbar vare) og skyhøge opptakskrav for lærarstudentar, øydelegg for rekrutteringa til yrket. Spesielt når det gjeld mannlege lærarar som vert ei anna stor utfordring framover.
Det fødast framleis born i dette landet. Og dei bør få ei fornuftig utdanning.
Undervisning er eit handverk der ein skal tilretteleggje for læring. Dette kan dei fleste som ikkje er heilt "treneva" tileigne seg.
Læraren sin faglege kompetanse har sjølvsagt innverknad, men dette er ikkje avgjerande før vi kjem på vidaregåande nivå. Og når elevane er komne dit, er basis for deira sjølvoppfatning langt på veg definert. Som vi såg på Schrødingers Katt denne veka, er hjernen i ferd med å prioritere kva ho vil drive med framover. Det å stimulere til at det er attraktivt å lese - streve med matematiske problemstillingar (for til sist å løyse dei), og bruke kroppen er langt meir avgjerande for det framtidige kompetansenivået til dei som skal vere her i framtida, enn t.d. om ein ungdomsskulelærar kan integralrekning. Eller har mastergrad i eittelleranna perifert emne.
Det er pedagogar det kjem til å skorte på i skuleverket. Deretter kjem det til å skorte på yrkesfagleg kompetanse i vidaregåande, om ikkje ein gjer grep for å få inn dyktige folk med empati nok til å forstå tenåringar, og tilstrekkjeleg yrkeserfaring til å formidle det som er viktig i dei ulike yrka vi treng i framtida.
Pedagogen, han/ho som ser heile eleven, fortrengast i skuleverket. I USA har vi lenge sett ein aukande tendens til at foreldra underviser ungane sine sjølv. No har rørsla kome også til Storbrittania:
Home Education UK Og ungane gjer det faktisk bra på prøver, syner det seg, trass i at foreldra gjerne ikkje har høg utdanning.
Desse heimeundervisningstilboda eg har lese om (Ref: Karl Bunday), kom gjerne ut av mistru til styresmaktene, eller ut frå religiøse motiv. Resultata frå nokre katolske privatskular (finn ikkje kjelda, det er nok litt gammalt. Berre å beklage) på nokre samanliknande prøver låg langt høgre enn dei andre skulane i området. Dette vart forklara med at heimane som sende ungane til desse katolske skulane, hadde meir sosial kapital enn gjennomsnittet.
Relasjonar er den grunnleggjande faktoren for at eleven skal lære noko. Relasjonar byggjer du ikkje med mastergradar. Det lærer du i møte med menneske.
Ein lærar som har eleven både i norsk, matematikk, kroppsøving og naturfag, ser mykje meir av mennesket enn han som ser berre norskfaget. Vi burde difor organisere skuleverket annleis enn vi er i ferd med å gjer no. Til dømes kunne vi hatt det meir i takt med vår høgt utvikla nærmiljøpedagogiske tradisjon. Denne finnest mange stadar, men er rimeleg fortrengd. Av ein slags "pedagogisk postmodernisme". Ei tru på endring som verkemiddel i seg sjølv. Dette er ikkje bra.
Det er kanskje ikkje så meiningsfylt å diskutere dette med deg, Deffe. Du har tydelegvis ein annan agenda enn meg, og ein annan type motivasjon for å engasjere deg i ymse debattar. Naturleg nok. Vi på offtopic på Sentralen eksperimenterer med denne sosiale samversforma, og utviklar både omgangstone, sjanger og debattstil. Så får vi sjå om vi oppnår noko ved å vere på denne arenaen. Ein ting er iallfall sikker; Offtopic stettar såpass mange av våre behov at vi brukar mykje ressursar her, og då er det vel tilfredsstillande, eigentleg?