Var vel litt bombastisk der. Skal utdjupe litt:
Eg meinte relativ lønsutvikling, skulle ikkje sagt realløn, den har auka for alle sidan Syse sine regjeringsdagar. Men samanliknast lærarane med andre grupper (tilsvarande utdanning og arbeidsomfang), heng dei etter.
Fram til 1977 auka lærarlønningane jamt. I 1979 starta eg på lærarhøgskulen, tykte ting såg greitt ut.
1977 - 1996 var det negativ reallønsvekst. Ikkje så kjekt å etablere seg den gongen...
Løftet var vel i 1998, då regjeringa ynskte å rekruttere fleire til yrket. Ikkje heilt vellukka, då ein i år 2000 auka den bundne arbeidstida (sjølv om det vart sagt at lærarane fekk kompensasjon for dette lønsmessig). Etter 2003 har det vore svakare lønsvekst for lærarar enn for andre, men ikkje nedgong i realløn, som eg kom til å seie.
Grunnane til dette er samansette, men ein forklaringsmodell er at det offentlege nyttar høvet til å halde lønningane nede, sidan dei har tilnærma monopol som arbeidsgjevar for lærarar. Ein interessant faktor med tanke på ynskjemål om privatisering av skuleverket. Det kan bli spennande å vere norsktalande pedagog på ein open marknad for norsklærarar om nokre få år....når vi eventuelt har hatt ei mørkeblå regjering ei tid.
Kjelde: Laber lønnsutvikling for lærere - regjeringen.no