Skal ein spare miljøet, må vi innrette oss slik at vi ikkje brukar for mykje energi totalt sett. Snakket om grøn energi er etter mitt syn ein blindveg for å skape politisk gevinst. Skal vi redusere energibruken må vi gjere dette generelt, ikkje forsøke å erstatte tradisjonell (kva dette er) engergi med grøn. For grøn energi har også konsekvensar. Miljønøytralt er det få ting som er. Kjøper du ein sykkel, er han produsert ein stad. Det miljøvenlege er å reparere gamlesykkelen. Det er miljøvenleg å køyre lite. Om bilen er gammal og utan katalysatorar, kan dette kompenserast av at produksjonen alt har skjedd, og du ikkje treng energi på å lage ein ny bil. Batteriteknologien i dag er ikkje spesielt miljøvenleg, iallfall ikkje framstillinga av lithium (dette forskast det rett nok på).
Nei, det einaste som vil nytte, er å få ned den totale energibruken. Ved å:
- transportere kortare avstandar - mindre globalisering av varer (men kanskje meir globalisering av tenester?)
- arbeide nærare heimen, slik at behovet for transport minkar.
- reise mindre "på ferie", og i staden drive rekreasjon i nærområdet, slik ein gjorde på 50-talet.
- handle meir kortreist, slik at transportbehovet vert mindre. Og dyrke meir mat sjølv. Ta robåten ut for å finne fisk.
- erstatte underhaldninga vi reiser for å sjå, med å spele sjølv (fotball og gitar). Såleis vert det meir kreativ verksemd, og meir mosjon totalt sett.
- erstatte noverande behov med digitaliserte erstatningar. Bruke strøymetenester i staden for vinyl og sølvplater (vi som har vinylplater får gøyme dei godt). Og printe ut pickuparmar og denslags med 3D-printarar, slik VPI gjer.
- Finne små og lette høgtalarar produserte i nærområdet, i staden for beist på 85 kg frå utlandet.
- Ta fleire riskar og vere meir aggressive, slik at folketalet går ned.
Det skal bli tider.