I min stormfulle ungdom prøvde eg å modde SL 1000en eg hadde kjøpt. Det irriterte meg at armbasen var så lett, men steinhard - kryssfiner av ei eller anna ekstremutgåve, som var så hard at det var vanskeleg å bore i materialet. Eg prøvde difor eit par alternativ.
Fyrst fekk eg laga ein kleberstein som passa i baseramma, la han berre rett ned i denne utan å skru eller noko. Dette verka inn på lyden, spesielt når eg spelte høgt. No var dette i 1981-82, og eg klarer ikkje å beskrive skilnaden. Eg gjorde også nokre høgtalarskift i denne perioden, så klangendringar var det nok i massevis uansett, utan at det nødvendigvis har med armbasen å gjere. Eg konkluderte med at kleber = lydforbetring.
Litt seinare bygde eg om platespelaren ved å skru frå kvarandre chassiset, og bruke gummidelen til mal for å skjere ei 2 cm tjukk panserplate på Volda Mekaniske. Eg skar då sjølvsagt ein 3,5 cm tjukk armbase i same materiale. Ung og impulsiv som eg var, skifta eg begge på ein gong. Då fekk eg endringar i bassen, ganske mykje fastare og svært tydeleg definert midbass etter det eg hugsar. Men det er i ettertid uråd å vite om det skuldast endringane i sjølve armbasen eller i kabinettet.
Når du likevel er i gong, vil eg påpeike ganske store endringar av lyden ut frå platetallerkenmateriale. Enklast er det oppleve skilnad på Rega-spelarar, der du kan prøve fleire relativt lett tilgjengelege alternativ. Endå betre er det å prøve VPI. Akryl, aluminum og ein skummel legeringstallerk (som eg kjøpte som ekstrautstyr - gått ut av produksjon fordi han var for vanskeleg å lage...rykta seier at dei vraka 50% av produksjonen, og at aluminum var nesten like bra)
Elles må eg påpeike at motor kanskje har endå større innverknad på lyden enn masse. Trur Nottingham-strategien er lur (så liten motor som muleg), vidare er VPI-dobbeltmoroten frå SSM og HR-X veldig god, men vinn stort på å stå på eige, dempa underlag. Og den gamle Dual DD-motoren er usannsynleg god ut frå alder/utviklingsnivået.
Så kan du få litt personleg synseri til slutt:
Kleber er det tyngste og daudaste materialet som det i praksis går an å skjere til kabinett. Men Olivinsand (fåast frå Vanylven) er endå dauare/tyngre. Synd det ikkje kan skjerast til eit vetigt kabinett, men kanskje du kan lage ei akrylgugge som mettast med slik sand, og støypast til kabinett? Synth-granitten KD-500 var laga av er nok ein viktig faktor til at dette drivverket er så bra.
Flytande oppheng forvanskar alt.
Jobb meir med arm. Det er for tidleg å bestemme seg. Har du leika deg i tilstrekkjeleg grad med tangentialalternativ? Sjekk ut Kuzma sin (eg har ikkje prøvd denne sjølv) og Clearaudio (med stålwire, utan luftlagring. Beste tangential eg har prøvd). Du kunne då jobbe med 14" før du bestemte deg for noko anna. Men kvar tomme forlenging av armen forvanskar og fordyrar armen med minst 50%...
Armbase har lydleg innverknad på lyden i same grad som kabinettet (plinth, heiter det vel på austnorsk) og bør eksperimenterast med.
Få motoren langt unna. Skulle helst vore DD, men det vil du ikkje få til uansett. (Då må du i tilfelle snakke med VPI og få tak i eit slakt derifrå)
Dette er veldig interessant, og du er flink å dele. Så hald fram med det, og lukke til!