Audiophile-Arve
Æresmedlem
Det er slett ikkje alltid folk med innvandrarbakgrunn som har vanskelegast for å motivere seg......
Det var protestar i 1736 då obligatorisk skule (lesing, for å kunne forstå katekisme, slik at ungdomen kunne konfirmerast) vart innført. Men det gjekk mest på at foreldra trengde ungane heime til hjelp. Undervisninga var ganske enkel på denne tida (i mi heimkommune var fyrste investeringa på skulebudsjettet til eit spann, slik at læraren kunne hente sand. Dette vart tømt på eit bord, slik at ein med fingeren kunne teikne bokstavar, og lære lesekunsten) Etter kvart vart stadig meir stappa inn i skulen, og årsak-verknad betre/meir undervisning - meir komplekst samfunn utvikla seg symbiotisk. Dei som er tre år eldre enn meg, kunne greie seg med 7 års obligatorisk skule, medan eg måtte ha 9 år, i tillegg til at eg var priviligert, og fekk gå på gymnas. Dei fleste gjekk yrkesskule eitt eller to år.
Reformarbeidet har berre helde fram, og vi tok hoppet til 10 år, og i praksis minst to års vg. Utan at eg er heilt overtydd om at kvaliteten har auka. Trur vi har nådd eit slags metningspunkt for kor mykje/lang undervisning gjennomsnittsungdomen kan ta til seg. Eg har meir tru på å få folk ut i arbeidslivet, og så syte for å etterutdanne, i tråd med praktiske behov. Det er berre det at jobbmarknaden endrar seg så innmari. Heile yrkesgrupper forsvinn. Då vert det vanskeleg å utdanne seg med tanke på framtida.