Audiophile-stova

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Bolinder

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    17.08.2008
    Innlegg
    608
    Antall liker
    262
    Torget vurderinger
    1
    Kunne vore interessant å vita korleis dei to opp musikken, dvs. korleis dei plasserte mikrofonane. 5.1 er vel mest mynta på film, så der er det ofte ein separat mikrofon for dialog. Målet er da at dialogen skal koma frå midten, der skjermen er. Men Vangard-platene var kanskje opptekne på ein annan måte. Eg har ikkje klart å finna noko om dette.
     
    Bolinder

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    17.08.2008
    Innlegg
    608
    Antall liker
    262
    Torget vurderinger
    1
    Dette er informasjon som burde vera med alle plater. Dette var vel heilt i staten på stereoplater, så kanskje dette er er monoplate? Kjenner du plateselskapet og katalognummeret?
     
    Bolinder

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    17.08.2008
    Innlegg
    608
    Antall liker
    262
    Torget vurderinger
    1

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.948
    Antall liker
    8.360
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Trekantopptaket var etter det eg har funne ut, gjort fordi det skulle leverast vinylplater både i mono og stereo den gongen. Mikrofonane til høgre og venstre vart gjort for stereo, medan midtmikrofonen var der for den tredje kanalen sin del.
    Eg brukar same Oppo 105 som multikanal i hovudanlegget, og då går det i stereo. Men eg har kopla han til multianlegget, og då er det lyd i dei tre framste høgtalarane, ikkje bakhøgtalarane.
     
    Så da er ikkje dette det same som "Trifield". Ein treng heller ikkje tre kanalar for å lytta på Trifield, men ein treng tre like høgtalarar, og midthøgtalaren kan ikkje leggast på sida. Eg er ikkje overtydd om at Trifield vil vera ei forbetring. I alle fall ikkje om ein har gode stereoopptak. Eg reknar ikkje nærmikrofonopptak som "gode opptak".
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.948
    Antall liker
    8.360
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Dette med nærmikrofon eller mikrofonane på avstand har varierande resultat, men kan vere gode. Eg har nokre plater med Blumleinteknikk (xy-oppsett) to mikrofonar med nyre- eller åttetalskarakteristikk ovanfor kvarandre i 90 graders vinkel, og nokre meg AB-teknikk (kulekarakteristikkmikrofonar med ein viss avstand mellom mikrofonane. Begge måtar fungerer, men det har litt konsekvensar for korleis du har optimal høgtalarplassering, så lenge du ikkje har radialstrahlerhøgtalarar.
     
    Ja, kryssa mikrofonar med 8-talskarakteristikk, plasserte så tett saman som mogleg, er det som vert nytta ved det som tradisjonelt vert kalla Blumlein-teknikk, men det er ikkje så mange slike opptak. Det kjem vel mest av at det ikkje er så lett å få til. Trur Opus 3 i Sverige har nytta denne teknikken. MS-teknikken (MS: Mid-Side) er meir utbreidd (ein framoverretta mikrofon med nyrekarakteristikk og ein sideretta mikrofon med 8-talskarakteristikk, òg plasserte tett saman), med omforming til venstre-høgre i etterkant. AB-teknikk er i visse krinsar kontroversielle, på grunn av at avstanden mellom mikrofonane fører til ein kamfiltereffekt. Men dette er slikt som lydteknikarane kan drøfta i det uendelege, utan å koma til semje. Men retningskarakteristikken og plasseringa til mikrofonane har stor innverknad på lyden vi høyrer. Dette er nok, saman med høgtalarane og plasseringa deira, eit av dei viktigaste aspekta ved attgjeving av musikk. Dette er ein god grunn til å kjøpa fleire opptak av same verk og orkester. På trass av det vert det så godt som aldrig drøfta i hifi-samanheng. Kvifor er det slik? Kan det koma av di det ikkje er pengar å tena på det?
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.948
    Antall liker
    8.360
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Eit av dei beste opptaka eg har, er Schubert sin kvintett, innspelt som demo-plate for Syrinx pickuparmar ein gong rundt 1980 (hugsar de PU 2 og 3? Gode armar.) Denne er Blumlein. Det er to til plater med tilsvarande kvalitet. Eg lurer på om desse også finnest som kvadrofoniske opptak, der både framme og bak på 8-tals karakteristikks-mikrofonane fekk eigen kanal. Det hadde vore noko, det.
     
    Ja, desse platene kunne det ha vore interessant å legga øre til. Om det var Synrinx som selde dei er dei kanskje vanskelege å få tak i? Om du har dei finn du kanskje eit katalognummer på dei?
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.948
    Antall liker
    8.360
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Så tek omskiftingane til. Det er komme pakke i posten:
    IMGP2197.JPG

    Veldig greitt å pakke ut Vera. Det er ei anonym kasse utanpå denne, slik at forsterkaren kan sendast ganske trygt med posten. Og det er heilt enkle pappkasser - lette å ta vare på, og utan fiksfakseri. Eg har pakka ut effektforsterkarar med medfylgjande kvite hanskar, silkeposar, treemballasje, flightboksar og eg veit ikkje kva. Dette gjer ting både meir kostbare og tyngre, og det kan vere eit styr å ta vare på emballasjen. Her er det sytalaust

    Den indre boksen har fornuftige polstringar rundt forsterkaren, som er pakka i plast. Ei straumleidning fylgjer med, fornuftig kvalitet, men utskiftbar for dei som høyrer skilnad på sånt.
    IMGP2198.JPG

    Så skal boksen inn i anlegget. 9 kg, altså ca 130 kg lettare enn ASRen som stod her tidlegare. Og lettare enn Coplanden eg har brukt i ventetida. Han må få vere her litt til, sidan eg har lånt bort overgangspluggane til skulen, men det er nok berre eit tidsspørsmål før han vert lagt ut for sal. Har vurdert biamp-oppsett, men det eg har prøvd av sånt tilseier at det ikkje har allverda med gevinstar, og ikkje er verd stresset. Og Coplanden har ikkje justerbar inngang, slik Vera har, så det vert denne som må bestemme nivået, noko eg ikkje nødvendigvis tenkjer er det beste. Men det kan hende eg prøver det etter kvart. Så CTA 520 kan no berre stå der. Eg har no plass...
    Somme undrar seg kanskje over den vesle Creek OBH-22? Dette er den enklaste "forforsterkaren" eg har hatt. Det einaste boksen inneheld er volumpotmeteret, ein inngangsvelgjar, og fjernkontrollfuksjon. Eg kan ta inn tre injesignal, og sende dei vidare til effektforsterkaren. Dingsen er etter måten gørrkjedeleg, men er svært nøytral, sjølv om han manglar sprut og sjampanjegallopp. Eg lurer på å lage eit kvardagsoppsett med denne, slik at eg sparar SP 10 til helg og djuplytting.
    IMGP2201.JPG

    Eg sparte ikkje så mange boksar likevel....forforsterkar må til, i tillegg til Vera. og når SP 10 består av to kolli (straumforsyning i tillegg til sjølve forsterkaren) er vi no om lag på same talet om med ASR - men mykje lettare, sjølvsagt. Det vert litt rot no, eit ekte skjorareir i stova. Leidningane er berre akkurat lange nok, og det er ein del ting som må avgjerast. Platespelaren må sjølvsagt stå på hylla si, og om eg skal bruke SP10 som platespelarforsterkar, er det veldig greitt. Då bør også dei andre signalkjeldene stå nær SP10, og den eine, lange kabelen min gå fram ti effektforsterkaren.
    skjorareir.jpg

    Men eg har likevel ei utfordring: Kva med European Audo Team EAT-e-glo? Det som eg trur er verdas beste riaa med allsidig inngang?
    IMGP2203.JPG

    No har eg altså ein slik. Heilt nødvendig dei åra eg har levd utan forforsterkar med innebygd riaa. Dingsen har separat straumforsyning, slik som alle verkeleg gode riaatrinn har. Det kan bydast på absolutt referanselyd, og han er i stand til å takle kva som helst av pickupar, frå Audio Note IO II til Shure V15 med høve til å justere impedansen medan du spelar. Einaste han manglar er trådlaus fjernkontroll. Og han er eigentleg billeg, sjølv om han kostar over 70 kkr for tida.
    No har eg alstå SP 10, som er minst to generasjonar eldre enn EAT-e-glo. Då ARC og Bill Johnson konstruerte SP10, var det ut frå eit behov for å lage ein forforsterkar som kunne takle dei etter kvart mange MC-pickupane som brått vart tilgjengelege på den amerikanske marknaden. Dette var ikkje aktuelt så lenge Joe Grado sat på dei amerikanske patenta på MC-pickupar. (Grado ville tene pengar og selje sine eigne pickupar, som ikkje var MC). Amerikanarane hadde altså ikkje fått høyre Denon DL103 eller Ortofon SPU, på grunn av dette. Men då patentrettane gjekk ut på slutten av 70-talet, var det fritt fram. Vi fekk mellom anna Koetsu, og andre dyre småkarar. Problemet var berre at desse MCane hadde så lågt utgangsnivå. Mange brukte (og brukar framleis) trafoar til tilpasse signalet, men der er somme (underteiknande, til dømes) som helst vil ha rein forsterkar. Sjølv om det er vanskeleg å forsterke opp så mykje med rør. Så det var vanskeleg å vere gjennomført rørentusiast og MC-ar - heilt til SP 10 kom. Her er ein riaa som består av 8 stk doble triodar, som er i stand til å levere nok guffe til å drage ein MC-pickup på 0,3 (men helst 0,6 eller meir) mV.
    Eg MÅ altså ikkje ha EAT-e-glo, men....
    Og så er det desse leidningane, då. EATen må stå nær forforsterkaren, men langt unna straumforsyninga...
    Det er mangt å gruble over når ein er audiofil.
     
    Vedlegg

    L

    Lassencad

    Gjest
    European Audo Team EAT-e-glo? Det som eg trur er verdas beste riaa med allsidig inngang?

    Ja jeg kan kun være enig her. Virkelig en god Riaa :)
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.948
    Antall liker
    8.360
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Så har eg fått ein Matrix DAK på besøk. Svært interessant apparat, fantastisk oppløysing, solid bassattgjeving, men så langt har eg berre fått til å jobbe med CD og strøymetenester, så eg har ikkje fått til å spele høgoppløyste sølvplater SACD eller 2L sine råaste - må nok ha konsulenthjelp
     
    storab

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    23.12.2013
    Innlegg
    538
    Antall liker
    788
    Sted
    Stavanger
    Torget vurderinger
    6
    Du må vel ha en SACD spiller der kopibeskyttelsen er slått av for å få høyoppløst digitalt ut til DAC?
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.948
    Antall liker
    8.360
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Etter kvart vert det tydeleg at anlegget no er meir slik eg vil ha det enn tidlegare, då det var meir korrekt. SP 10 gjev ei ørlita heving i bassen, som vert vidareformidla av Vera-effektforsterkaren. Samstundes er mellomtonen i SP10 aldeles magisk, og overgår det meste. No køyrer eg signalet direkte frå platespelar i bypass, slik at inngangsvelgjarar og balansekontroll vert helde utanfor signalkjeda, og brukar SP 10 sin innebygde riaaforsterkar. Det går veldig bra med AT33SA, sjølv om han gjerne kunne hatt litt meir guffe. Så eg lurer å om eg eigentleg treng EAT-e-pro. Men denne riaaen er nok eit hakk betre enn den eg har i SP 10, og dessutan kan han ta inn alt av pickupar....livet skal ikkje vere enkelt (men det kan godt vere kjekt likevel)
    I dag var huset fullt av sommargjestar, så lytterommet var okkupert fram til no, og fyrste plate ut er Stein Torleif Bjella si siste - ei glimrande plate på alle måtar, ikkje minst lydmessig, borsett for ein litt for demonstrativ bassattgjeving.
    Så har eg lytta meir på Matrix- ein dak som forbetrar lyden frå CDane i stor grad. Også her gjev SP10 tilførsel av trivselslyd, noko som gjer at eg vert langt meir tilgjevande for dette mediet. Skulle berre ynskje at desse innspelingspolitikarane hadde opna for at desse copyright-greiene kunne formidle SACD og dei andre høgoppøyste formata utan pc. No er det vel berre å vente på at strøymetenester skal komme med det som høyrepropp-folket meiner er unødvendig høg oppløysing. Matrixen har eit utruleg potensiale, har eg mistanke om. Det kjem ein omtale av denne no ganske snart.
    Så driv eg å prøvar ut Shure sine høyrelurar. FAntastisk bass så langt, og veldig solid konstruksjon. Skal prøve støyreduksjonen når graset skal klippast i dag. Bør vel starte på dette snart, og ikkje dille med PC.....må berre høyre ferdig Bjella sin song om å ikkje få nok fisk.
     
    Connoisseur

    Hi-Fi interessert
    Ble medlem
    18.04.2016
    Innlegg
    86
    Antall liker
    101
    Sted
    Trøndelag
    Du må vel ha en SACD spiller der kopibeskyttelsen er slått av for å få høyoppløst digitalt ut til DAC?
    Du får SACD i to- eller multikanals utgave + DVD-Audio i to- eller multikanals utgave + andre formater som DD og DTS tapsfritt (og uten nedkonvertering) overført fra noen multiformatspillere med i-link grensesnitt (også kalt Firewire eller IEEE1394) til noen få prosessorer/multikanalsforsterkere som jeg kjenner til. Nevnes kan Integra Research og Yamaha (i alle fall DSP-Z9).
    Grensesnittet i-link finnes ikke lenger, så vidt meg bekjent, på typiske (multikanals) konsumentprodukter.

    Denon hadde sin egen variant kalt Denon-link, men problemet her var vel, etter det jeg kjenner til, at hensynet til kopibeskyttelse sto i veien for en tapsfri overføring til DAC i prosessor/forsterker. Jeg er usikker på om Denon noen gang fant en løsning på dette (les: fikk rettigheter/tillatelse til å sende SACD-formatet tapsfritt videre digitalt i signalkjeden.....)

    På 2-kanalsmarkedet finnes digitale overføringer for SACD på produkter fra Accuphase (ES-link) og Esoteric (i-link tror jeg, og da vel i S400-utgave). Dette er så dyre produkter at jeg ikke regner disse for å være typiske konsumentprodukter.

    HDMI-grensesnittet var en periode (og i alle fall på enkelte apparater) befengt med dårlig målte verdier for jitter. Hvordan dette er i nyere apparater, kan jeg ikke si noe kvalifisert om. De fleste blad/magasiner/nettsteder foretar ikke målinger på testet utstyr, så da må en som hovedregel basere seg på subjektive/lyttebaserte vurderinger, alternativt ens egen magefølelse.... :p

    Det er vel ellers slik at de fleste bruksanvisninger, det være seg i papirform eller digital utgave, ikke inneholder dokumentasjon av tekniske opplysninger for brukere som er litt mer enn middels interessert (m.a.o. (vel) alle på dette forumet..... :D)

    Jeg håper dette var noe til hjelp. :)
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.948
    Antall liker
    8.360
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Tok utgangspunkt i det MBL tilrådde som plassering, men måtte jobbe ganske lenge før eg var heilt fornøgd. Avstanden var ca 1 meter frå sideveggar og 1,30 frå bakvegg. Lytteposisjon er nesten valfritt, alt frå 1,7 til 3,5 meter frå høgtalarane. Og eg treng ikkje eingong sitte absolutt på midtnormalen heller.

    Fruktfatet fekk vi til sølvbryllupet vårt av eit vennepar.

    Takkar elles for hyggjelege kommentarar frå alle. Anlegget er altså mbl 101E mk2, drivne av ein ASR Emitter 2 Exclusive (tredelt straumforsyning),. Det går faktisk veldig bra, sjølv med berre 500 watt inn i dei 4 Ohm...
    Signalkjelder er ein Sonosboks, ein Oppo 105D, VPI SSM med rimdrive, tung tallerken, platestrammar og -krans, påmontert ein Kuzma 313 12" arm, sds straumforsyning, og ymse pickupar. Vidare har eg ein EAT-E-Pro riaa som eg har vorte frykteleg glad i siste året (omtale på www.audiophile.no av alt saman)
    Kablane er for det meste Viablue signal, og Synergistic Research sine billegaste høgtalarkablar. Samt noko smårask eg har fått av Stig Arne Skilbrei.
    Såg igjennom tråden min, og ser at eg har vorte meir konservativ dei siste fire åra. Så det er på tide å gå i seg sjølv.
    Eg har ikkje skifta så mykje i anlegget, men gått bort frå ASR til fordel for ein utgammal forforsterkar og ein hypermoderne effektforsterkar. No har ting "sett seg", og eg må reflektere litt rundt skiftet. Angrar eg?
    Det er nok ikkje tvil om at ASR Emitter II exclusive er den ærlegaste forsterkaren. Men som ein kanskje ser, er han litt for korrekt for meg. Men eg må skunde meg å legge til at Vera Audio 400/1000 i praksis (måle får andre gjere) er ei fullgod erstatning av effektdelen, utan noko farging, og med bass som kan måle seg med dei 140 kg forsterkar ASR kan by på. ASR Spelar kanskje ørlite høgre før han går i klipping, men Vera kan brukoplast - to slike hamlar opp med like rå lydtrykk som ASR.
    Det er altså forforsterkardelen som gjer ASR unik. Så dersom eg skal prioritere å vere ein dønn sakleg testpilot innan hifi, var det feil å gå for ARC SP 10 - ein amerikansk storblåsar med hang til å fortelje gode eventyr der ASR har tysk presisjon og korrekt, høfleg framferd som kjenneteikn. Det er ASR som er tryggast å stole på.
    Men når eg brukar den utlånte Matrix DAK som forforsterkar, og SP10 får kvile, er det korrekte attende på plass, så eg skal nok klare meg som hifi-skribent om eg får inn eitkvart spennande til utprøving. Det er andre sider ved anlegget som får meg til å tenkje at eg har malt meg inn i eit hjørne. MBL-høgtalarane sitt krav om effekt og råskap gjer at eg er diskvalifisert frå utprøving av både 300B-effektforsterkarar og alt anna spennande som ikkje leverer helst mykje meir enn eit par hundre watt i fire ohm på ein skikkeleg måte.
    Og det er litt synd.
    På den andre side - når bør ein innsjå at å høyre max 14000 Hz oppover i frekvensar og med AFP-ordningar innan rekkevidde ikkje akkurat kvalifiserer ein noko gråhåra herre til å fungere vidare som sjølvoppnemnd hifi-analytikar.
     
    rotecop

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    27.10.2006
    Innlegg
    1.207
    Antall liker
    1.048
    Torget vurderinger
    2
    Hei Arve planlegger du ta AFP fra hifi skrivingen? Det høres ikke bra ut :( Rognlien har pensjonert seg, og nå truer du med det samme? Hvem skal nå gi oss info om god hifi? Lyd og bilde? :(
     
    YesJens

    Musikkelsker og Livsnyter😊
    Ble medlem
    21.08.2018
    Innlegg
    3.486
    Antall liker
    7.520
    Sted
    Under stjernene
    Såg igjennom tråden min, og ser at eg har vorte meir konservativ dei siste fire åra. Så det er på tide å gå i seg sjølv.
    Eg har ikkje skifta så mykje i anlegget, men gått bort frå ASR til fordel for ein utgammal forforsterkar og ein hypermoderne effektforsterkar. No har ting "sett seg", og eg må reflektere litt rundt skiftet. Angrar eg?
    Det er nok ikkje tvil om at ASR Emitter II exclusive er den ærlegaste forsterkaren. Men som ein kanskje ser, er han litt for korrekt for meg. Men eg må skunde meg å legge til at Vera Audio 400/1000 i praksis (måle får andre gjere) er ei fullgod erstatning av effektdelen, utan noko farging, og med bass som kan måle seg med dei 140 kg forsterkar ASR kan by på. ASR Spelar kanskje ørlite høgre før han går i klipping, men Vera kan brukoplast - to slike hamlar opp med like rå lydtrykk som ASR.
    Det er altså forforsterkardelen som gjer ASR unik. Så dersom eg skal prioritere å vere ein dønn sakleg testpilot innan hifi, var det feil å gå for ARC SP 10 - ein amerikansk storblåsar med hang til å fortelje gode eventyr der ASR har tysk presisjon og korrekt, høfleg framferd som kjenneteikn. Det er ASR som er tryggast å stole på.
    Men når eg brukar den utlånte Matrix DAK som forforsterkar, og SP10 får kvile, er det korrekte attende på plass, så eg skal nok klare meg som hifi-skribent om eg får inn eitkvart spennande til utprøving. Det er andre sider ved anlegget som får meg til å tenkje at eg har malt meg inn i eit hjørne. MBL-høgtalarane sitt krav om effekt og råskap gjer at eg er diskvalifisert frå utprøving av både 300B-effektforsterkarar og alt anna spennande som ikkje leverer helst mykje meir enn eit par hundre watt i fire ohm på ein skikkeleg måte.
    Og det er litt synd.
    På den andre side - når bør ein innsjå at å høyre max 14000 Hz oppover i frekvensar og med AFP-ordningar innan rekkevidde ikkje akkurat kvalifiserer ein noko gråhåra herre til å fungere vidare som sjølvoppnemnd hifi-analytikar.
    Kjære Arve
    Med helseattest inkl. høtseltest hvert annet år som viser en nedadgående kurve for de øverste frekvensene, kan ikke bortforklares.
    Derimot er musikkgleden omvendt proporsjonal med øresus og manglende ørvre frekvenser.
    Dessuten grenger vi folk med laang erfaring🌞🎶
    Hilsen en som er på andre siden av AFP🎶
     
    poskare

    Newbie med interesse for de små detaljene i lyd
    Ble medlem
    05.01.2016
    Innlegg
    17
    Antall liker
    48
    Sted
    Tønsberg
    Så har eg fått ein Matrix DAK på besøk. Svært interessant apparat, fantastisk oppløysing, solid bassattgjeving, men så langt har eg berre fått til å jobbe med CD og strøymetenester, så eg har ikkje fått til å spele høgoppløyste sølvplater SACD eller 2L sine råaste - må nok ha konsulenthjelp
    Klarte å høre på en Matrix for en stund siden, og endte opp med å selge Mytek’en min tvert. Magisk lyd ut av de boksene
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.948
    Antall liker
    8.360
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Har fått inn tre utprøvingsobjekt på ein gong.
    Det er snakk om dei to toppmodellane til Dual. Flotte platespelarar, basert på det å vere verdas største platespelarprodusent på 60-talet og fram til dei vart skvisa ut av japanske, direktedrivne, som igjen vart fortrengde av CD-mediet. ...Så langt kan eg seie at det er gode spelarar, som utnyttar kombinasjonen lettvektsarm/høgkompliante mm-pickupar på ein fornuftig måte.
    Men det eg gleder meg mest til, er å høyre Kiseki Blå når han er ferdig innspelt. Ein pickup som går rett inn i min ARC SP 10 utan problem, sjølv om han skal ha 400 Ohm. Høyrest det ut til, etter knappe 15 timars speletid.....
     
    xerxes

    Æresmedlem
    Ble medlem
    08.01.2005
    Innlegg
    11.672
    Antall liker
    7.344
    Sted
    Holmestrand

    Hvilke regnes som "de 2 toppmodellene til Dual"?
     
    Sevald

    Avviker.
    Ble medlem
    27.02.2005
    Innlegg
    8.414
    Antall liker
    21.059
    Sted
    Aksdal, Rogaland
    Torget vurderinger
    1
    Er vel en forskjell på å være en hifi skribent og hifi anmelderen. Du trenger ikke kaste terningen. Men å skrive litt om dine opplevelser tror jeg vil fremdeles fenge mange. Tror en aldri blir avskiltet til å skrive noen kloke og underholdene ord😀 God helg😀
     
    Sist redigert:

    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.948
    Antall liker
    8.360
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    CS 800 mk II er inne. Det finnest også ein CS 600, som visstnok er den absolutte toppen. Men så har eg fått låne CS 455, som ikkje er toppmodell, men ein ganske foruftig spelar til overkomeleg pris, med heilautomatikk og flytande oppheng. Ei overrasking til prisen, kan eg vel seie...
     
    Karl_Erik

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    31.10.2002
    Innlegg
    2.268
    Antall liker
    1.160
    Torget vurderinger
    1
    Terningar kastast berre når ein spelar Yatzy og sånt. Terningkast på hifiprodukt, filmar og bøker er tull. Det har ikkje minst VG demonstrert under stjernekamp i dag...
    God kveld i stuen.
    Uenig i det når det gjelder film og musikk. Men man må være neon lunde stø på hånda, enten man skriver eller bruker terning. Eller begge deler. Og det var vel der VG feilet i kveld. Både i ord og terning.
     
    Bolinder

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    17.08.2008
    Innlegg
    608
    Antall liker
    262
    Torget vurderinger
    1
    Bra vi slepp å bruke lykkjeskrift..
    Kva er feil med lykkjeskrift? Det er da mykje finare enn formskrift! Det blir som å samanlikna ein sveitservilla med eit ferdighus frå 1970-talet. Kva med å innføra gotisk skrift i skulen? Då ville lærarane ikkje få mykje tid til å testa nye ljomdingsar...

    No til noko heilt anna. Eg tykkjer at mange grammofonplater frå 1960-talet er betre innspela enn mange av platene som kom på slutten av LP-perioden (før CD-en tok over). Kan det koma av at det var nytta færre mikrofonar og mindre triksing i etterkant? I von om å få ein (helst sakleg) diskusjon vil eg hevda at den aller verste plassen å ta opp musikk er i eit musikkstudio. (No er eg glad for at vi ikkje har giljotiner i Noregsveldet.)
     
    Audiophile-Arve

    Æresmedlem
    Ble medlem
    28.11.2002
    Innlegg
    20.948
    Antall liker
    8.360
    Sted
    Kysten, Nordvestlandet, argaste nynorskdistriktet
    Torget vurderinger
    0
    Sveitservillaane har rett nok høgd under taket, men dei kan vere kalde. Og gotisk er eit slit, både å skrive og lese. Har ikkje orka det sidan sist eg prøvde meg på å lese "Dølen"
    Når det gjeld grammofonplater frå 60 (faktisk også 50)-talet, er det mykje å lære. Eg kan fortelje deg litt, men det får vi ta over telefon. Då brukar vi dialekt, og korkje gotisk eller lykkjeskrift. Eller bokmål.
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn