Kabler og skilletrafo synes ikke, er det noe poeng? Det kan fint kombineres med horn uten å ta skade av utseende om det er fokus.
Det er sikkert sant, men det var veldig underordna i det eg lurte på:
… kvifor du sette ut på ei seks år lang reise med straumrens, og om du hadde gjort det dersom du, i mars 2017, visste det ein del her inne (i denne tråden) har forklart om korleis elektronikken (inkl straumforsyningar) verkar?
Edit: Vidare lurer eg på kva du tenkjer rundt det openberre problemet med bekreftelsesfella ("confirmation bias"), sidan du har klaska på med tiltak etter tiltak og alle har gjeve betre lyd.
Då eg drog fram ting som horn, vinyl og røyr var ikkje fordi det er genuint "betre" lyd, men fordi det er fascinerande maskineri folk kan ha ein sjølvstendig glede av å fikla med (modelltog-effekten). Det verkar på meg som om du har slik glede av forsterkarane dine. Dei har eit veldig særmerkt design, imponerande spesifikasjonar og ikkje minst ein pris som for dei fleste vil vera ei enorm investering (heilt utenkeleg for meg, til dømes). Det forstår eg, sjølv om eg ikkje sjølv ville hatt ditt anlegg i stova. Det er forresten inga nedvurdering: eg hadde takka høfleg nei til veldig mykje flott hi-fiutstyr sjølv om eg hadde fått det til ingen pengar (malapropos trur eg at eg ville takka nei til ein Bentley, også, dersom eg måtte hatt han i garasjen).
Så: det eg lurer på var om du starta med dette fordi du var misfornøgd med lyden (sagt med andre ord, korleis burde det vore, kva er referansen?), eller fordi du hadde nevrosar for at du ikkje gav det flotte utstyret optimale arbeidsvilkår, men likevel ville/måtte ha det i stova, og straumrens var noko du "kunne ta tak i".