Så lenge det er negative realrenter så er det forsåvidt rasjonell oppførsel og spesielt om man i tillegg har så godt som risikofrie plasseringsalternativer som betaler høyere rente enn hva man gjør på boliglånet.
Eg måtte tenkja lenge før eg hang med på reknestykket, og eg er ikkje sikker på at eg gjer det enno, så for meg var det iallfall ikkje ein no-brainer.
Ev. verdiauke på huset får han jo uansett ved sal, så den kan vi halda utanfor reknestykket. Altså: dersom han bruker overskotet sitt på å betala ned lånet, er det null avkastning på det. Så langt alt vel, eg skjønar logikken. I indeksfond formerer jo pengane seg som rotter (iallfall 10-15% året over 3 år, seier nettsida til Skagenfondene til meg).
Men renteutgiftene har ein høgare grunnstol enn han kan spara i fond kvar månad, og dei er konstante gjennom heile perioden (altså, renter av heile lånet). Med normale avdrag vil rentene verta mindre og mindre del av månadsbeløpet. Men det er kanskje ikkje relevant om vi følgjer denne løysinga over tid:
Du kan seia at denne karen startar på ny månad med eit heilt friskt huslån som skal betalast ned, men med stadig meir fri eigenkapital (i fond). Eg, derimot, betalar stadig mindre renter, men legg stadig meir av pengane mine i avkastningsfri eigenkapital (= huset mitt). Etter tjue år er eg gjeldfri, men med eigenkapital som krympar tilsvarande inflasjonen.
Vekst i husprisene kan vi, som nemnt, halda utanom, for den potensielle gevinsten kan både eg og Dan innkassera. Han, derimot, har eit lån, som har krympa tilsvarande inflasjonen, men med eigenkapitalen plassert trygt i eit globalt indeksfond. Dersom han er interessert, kan han setja seg i min posisjon ved å henta pengar frå indeksfondet sitt og betala ned lånet på dagen.
Ja, ok, eg skjønar teikninga (trur eg? Har eg rekna rett? Kvalifiserer dette til medlemskap i Høire?). Eg ser at denne løysinga er rasjonell. For å vera ærleg har eg for dårleg sjølvdisiplin til eit slikt opplegg, men eg ser at dette ikkje er så dumt.