og så ikke kan eller vil gjøre jobben med å veilede med rød kulepenn i hånden.
Nei, det er eit problem der.
Tanken var nok at kommisjonen skulle gjera ei meir uhildra vurdering, og studenten stå friare i å ta imot rettleiing som nett det. Ein rettleiar i kommisjonen vil kjenna studenten og prosessen godt, ta med seg sympati og antipati inn i sensuren og kanskje til og med ta på seg skulda/ansvaret dersom dei andre sensorane finn eitkvart å plukka på.
På lågare grad (som eg i all hovudsak arbeider med) er dette ein fordel: studenten framleis er i ein læringsprosess, og det kan vera rett å premiera td. at hen er i stand til ta til seg tilbakemeldingar. På masternivå er det (derimot) meininga at studenten skal meistra faget så godt at hen kan presentera arbeidet for heile fagfellesskapen.
Eit problem er kanskje rett og slett volumet. No om dagen er talet på rettleiingstimar veldig strengt regulert, og studentane vert dytta gjennom heile prosessen. Helst hardt, for å utløysa pengar. Då eg tok hovudfag, brukte vi så lang tid vi måtte, og rettleiar kunne vera ganske hard på at “dette bør du ikkje levera”.
(Perspektivet mitt er “akademiske” hf/sv-fag. Eg veit veldig lite om master på matnat, tekniske fag og profesjonsfag)