Kan også være andre ting ved henne som man forsøker å avverge. Men det mest sannsynlige er at Høyre sentralt ønsket å unngå at opposisjonen kunne fråtse i dette under valget neste år, men jeg vil tro at den politiske prisen man nå betaler langt overgår hva det ville kostet å rydde opp bak sceneteppet.
Ja, dette er unekteleg ei veldig rar sak.
Ho har, etter det som har kome fram, ikkje forsynt seg av offentlege pengar. Ja, ho har trekt partikortet ivrig, men det er strengt tatt ei sak mellom henne og kassastyrar i Stavanger Høgre (ev. styret, dersom det er usemjer). At desse sakene ikkje vart avklart i fjor, vitnar om ein kasserar (eller rekneskapsførar) som ikkje har vore veldig nidkjær langsmed.
Skal ho kastast som ordførar av bystyret, er det soleklart at det må skje med type 90 prosent fleirtal, og min hønsj er at det finst minst åtte representantar i kommunestyret som ikkje er samde om at ho «ved sin oppførsel viser at han eller hun er uskikket til å ivareta vervet.»
Det er knapt mogleg å førestilla seg at dette er mat for opposisjonen i det heile. Kortbruken skjemmer kanskje ut Stavanger Høgre (og passar fint inn i alle mine fordomar om høgrefolk som lever i ein annan sfære enn vanlege folk, fine middagar på firmakortet osb), men ikkje Høgre sentralt. Samanlikna med alt rotet som representatar frå dei fleste parti har stått for, er ikkje dette motiv for eit karakterdrap. Om så, så i nominasjonen til 2025 og Stortingsvalet, men også då svært marginalt.
Hadde eg vore styremedlem i Stavanger Høgre (høhø, veldig hypotetisk konjunktiv der), så hadde eg vore litt sur for dei 50'000 kronene, men for det første er dei betalte tilbake, og for det andre mister partiet sannsynlegvis større summar på at ho har meldt seg ut.
Der er godt mogleg at ho har mange lik i skapet, er ein utriveleg person, er vanskeleg å samarbeida med og/eller er ein lite inspirerande ordførar for posisjonen. Det anar eg verkeleg ingenting om.
Den einaste måten å få henne til å trekkja seg dersom det var «andre ting», hadde vore om ho frivillig bad om avløysing. Mot henne kan ein kanskje seia at det var akkurat det ho gjorde, men på hi sida er det mogleg å innvenda at det kom i ein svært pressa situasjon.