Ver obs på at i alle fall Ortofon har ulik diameter i kvar ende. Pinnane i headshell er 1 mm, medan pinnane på PU er 1,2 mm. Så desse er altså retningsbestemde 😉 Dei mjuke kablane er litt dyrare, men verd pengane når du skal kobla.
Midt i 60-åra, snittalderen på sentralen er høg 😁 Det var fyrste store konserten min, og dei fenga nok ikkje like mykje som Heep den gongen. Men det du har funne her freistar til meir 👍
Ikkje mykje, diverre. Til våren er det 50 år sidan, og eg hadde ikkje høyrt om dei før. Den gongen var det berre Uriah Heep som gjaldt. Men eg hugsar at ho dama var veldig energisk på scenen. 😉
Jau, men du må hugse på at her er det eit privateigd utanlandsk selskap som set grensa for kva som skal vera lov å posta på ei norsk nettside, og ikkje norske styresmakter. Det er det som er det skremande.