Uansett, abort var ikkje teknisk muleg på den tida, og det var heller ikkje nødvendig. Spebarnsdødelegheita var nok i beste fall så stor som under ein middels hungersperiode i mellomalderen. Jødane trengte alle ungar som kunne unnfangast, noko vi ser på måten stakkars Onan fekk gjennomgå.
Religiøse argument, (eigentleg heile religionen) avspeglar berre det samfunn og det maktapparat det oppstår i. Og vi er i eit heilt anna regime enn kva eit nomadefolk i overgangen mellom bronse- og jernalder var i, og kva dei måtte ha av spelereglar for å overleve som folk.
Det kan vel ikkje nektast for at seksualdrifta er avgjerande for forplantninga. Og for ein dryg generasjon sidan var det mykje ulukke som kom fordi folk som eigentleg ikkje hadde noko til felles var "nøydde" til å gifte seg. Rett og slett for å ta vare på ungane. Men kjønnsrollemønsteret, storfamilien og arbeidsfellesskapet rundt dei ulike gjeremål var (heldigvis?) slik at dei vaksne hadde heilt ulike oppgåver, og at den mentale slitasjen ikkje vart så intens som ein i dag kan oppleve, med tosomheit i privatlivet, dobbelt utearbeidande familiar, og individualiserte arbeidsoppgåver.
Religionen endrar seg sjølvsagt i pakt med samfunnet. Det same gjer etikken. Og mitt poeng er at i dag treng vi ein etikk der "synd" eller kva-du-no-vil-kalle-det er fokusert opp imot andre område enn akkurat dette.
Lovgjevinga har sett ein strek for eit gjeve tal veker. Alternativa er ikkje spesielt ynskjelege, spesielt av praktiske årsakar. Ideelt sett bør vel angrepillar brukast hyppigare, men det er også "etisk feil" ut frå den "fundamentalistiske" ståstaden om at avbrot av einkvar unnfanging er synd (i så fall er nok gud den største syndaren av alle).
Då kyrkjemøtet i Nikea bestemte kva dei tykte var fornuftig å ta med i bibelen, dei ulike forfattarane fekk sine porsjonar guddomeleg inspirasjon til å skrive ting som seinare skulle tolkast (eller for den saks skuld filosofane i det gamle Hellas sine verdisyn), kunne dei nok ikkje tenkje seg den kompleksitet eller det mennesklege handlingsrom vi ser i dag.
Mi meining er altså at etikken rundt dette og andre eksistensielle spørsmål må knyttast opp i mot dei utfordringane vi ser i dag, både når det gjeld det som går på samfunnet, naturen og individet.
Utfordringane i at folketalet veks i Asia, medan det bremsast for fullt i Vesteuropa løysast neppe ved at vi set opp dei europeiske fødselstala og søkjer problemløysing på gamlemåten (då sende vi korstog for å ordne opp med hedningane, noko som fekk unna mykje av folkeoverskotet, samstundes som pestar og hungersnaud fekk folk til å uttrykkje at dei ynskte at dei aldri hadde vorte fødde).