Tykte Jan Guliou sa det så treffande i Dagbladet i går....gutta boys kleiar kvarandre på ryggen, og seier at kompisane deira er pokka nøydde til å ha opsjonsavtalar som gjer at dei kan tene nokre millionar, slik dei har i Amerika. Elles vil desse superlønsdirektørane flagge ut.....men det er grunn til å stille seg noko skeptisk til om USA og dei andre landa (som forsåvidt er befengte med skandalar om tusk og snusk, dei også) er villege til å gje enorme opsjonsavtaler for å kunne lokke til seg norske næringslivstoppar. I neste omgang er det innført eit dogme om at slike lønsavtaler og -skilnadar er heilt nødvendige, elles går verda under.
(Såg elles eit TV-program på NRK2 i går om aztekarane, der dei hadde innført eit regime som baserte seg på at det måtte ofrast massevis av menneske, elles ville sola slokne. Ein parallell?)
(Såg elles eit TV-program på NRK2 i går om aztekarane, der dei hadde innført eit regime som baserte seg på at det måtte ofrast massevis av menneske, elles ville sola slokne. Ein parallell?)