Amir er nok i overkant bastant, og har jo fått tydeleg motbør for det i tråden. Fyrst og fremst er det slik at han lenar seg veldig mykje på Toole, samstundes ignorerer han mykje av det Toole har skrive om temaet. Deriblant at ting ikkje er svart-kvitt (hah!) og at det til ein viss grad er opp til den enkelte korleis ein skal behandla eit rom. Toole har jo føreslege at både absorpsjon, diffusjon og slette veggar er grei tilnærming på sideveggsrefleksjonar, til dømes. Toole verkar òg å tykkja at refleksjoner med høg interaural krysskorrelasjon (IACC) fint kan behandlast då dei bidreg lite til "apparent source width" (ASW) og "listener envelopment" (LEV). Dette er typisk frontvegg, bakvegg og tak.
Han dreg òg inn ting som ikkje er relevant for reproduksjon av lyd, slik som at refleksjonar gjev betre forståing av tale, noko som skjer på grunn av at refleksjonar i praksis aukar lydnivået. Viss ein vil ha meir tydeleg tale frå høgtalarar så skrur ein ganske enkelt opp lyden. Det er litt verre å beda alle berre snakka høgare når ein sit i til dømes eit klasserom eller møterom, så då vil ein designa rom som har meir reflektert lyd.
Når han så talar om desse ekspertane som designar lytterom til ein halv million dollar så skyt han seg sjølv i foten igjen, fordi grunnen til at ein hyrar inn desse ekspertene er at romakustikken har noko å seia. Ingen av desse vil nok føreslå ubehandla rom, sjølv om Amir fort kan ha rett i at amatørar som leikar akustikar ofte endar opp med resultat som er alt anna enn ideelle. Anthony Grimani, som han nemnar med namn, hadde jo til og med ein video med audioholics der han snakka om rombehandling. Det er lenge sidan eg såg videoen, men forslaget der var ikkje "vanleg møblering, så er du ferdig". For dei som er interesserte er det denne videoen:
Vil anbefala alle å faktisk lesa Toole si bok, fordi det er ca. 80 sider av 400 som vert spydd opp om igjen og om igjen på ASR. Dei resterande 320 bryr dei seg ikkje mykje om. Resultatet er at Toole vert tillagt ein haug med sterke meiningar han aldri har gjeve uttrykk for.