Takk for godt svar på vinylspørsmålet Hornlyd. Eg er heilt enig med vurderinga di dersom det er slik at du føler at vinylsatsinga ikkje gir det du håpa på. Eg vurderer sjølv fortløpande kor mykje som er verdt å legge i ulike kilder og kor det er lettast å oppnå forbetring. Sitter sjølv med inntrykket at å generelt forbetre lyden på ein vinylpakke litt raskt koster mykje ekstra, samt at det er krever mykje kompetanse å makse en platespillerkombinasjon. Trur faktisk ikkje at litt nedsatt hørsel på eit øyre har so veldig mykje å seie. Eg gikk for nokre år sidan over til ein kilde først tankegang, dvs prioritere kildene mykje høgare enn tidligere. I tillegg vektlegger eg meir betydningen av kabler (hovedsakelig tilpasning av lyst-mørkt og tilstrekkelig oppløysing), samt har putta inn ein gamal litt stor monster strømrenser og nokre furutech strømkabler. Har sjølv ikkje spesielt god hørsel, men å høyrte klar forskjell. Alt strømutstyr er handla brukt i nærområdet. Vart faktisk overraska over å høyre forskjell på strømkablane og rensaren. Strømrensaren gav mørkare lyd og strømkablane gav meir oppløst og fastare lyd. Har brukt kutt nr 4 "Honey bee" på siste Madrugada cd frå 2007 til å samanlikne. Eg syntest generelt at lyden på Madrugada cd-ane som eg har er litt grumsete, men "Honey bee" kuttet syntes eg er litt spesielt fordi på min cd versjon er det faktisk litt vanskelig å høyre Ane Brun si stemme tydelig. Ein nevø av meg som er på veg til å bli svært hifi-iteressert (han er den andre nevøen som ser ut til å bli bitt av hifi-galskapen) var innom for eit par dagar sidan og han kommenterte og at han truleg ikkje hadde lagt merke til vokalen hennar om ikkje eg hadde gjort han oppmerksom på den. Han kom primært for å høyre på nytt kuttet "sexual revolution" på cd-en "Pros and cons of hitch hiking" frå 1984 av Roger Waters. Eg driver en kontinuerlig oppdatering av utstyret når økonomien tilater det, og sansynligvis blir det først ein ear riaa til ca 15K, og litt mindre om eg får tak i den brukt, fordi eg vil fokusere meir på mellomtonen. I tillegg ein vesentlig betre forsterker. Eg har maksa den eksisterande billige Vincent forsterkeren og den speler faktisk svært bra i den eksisterande kombinasjonen sjølv om den i utgangspunktet er rekna for å være vanskelig, men den er 17 år og på vei til å ryke. Kjem til å kjøpe noko brukt som er like kraftig, men vesenlig meir oppløst. På dac sida er det kun AMR dacen til ca 45K eg har hørt som har den mellomtonen som eg liker.