Svartkeiko: Eg tok det heller ikkje som ein advarsel, altså. Eg skulle gjerne gått opp i budsjett på platespelaren, men det går ikkje for augneblikket, så då eg såg ein kar som solgte desse Esoter-armane, som visstnok er identisk med 250-ST, for 160 USD på Audiogon så slo eg til. Resten av anlegget er ikkje spesielt fancy, ein Tandberg TR-1010 og TL-2510 høgtalarar. På sikt har eg lyst til å bygge resten av anlegget også, men må ta det litt etter kvart.
Boogie-Stian: Takk for råd. DL-103 er med andre ord ute av biletet. Eg har hatt ein AT95E på den Project-spelaren eg har hatt ein fem års tid, og eg var godt nøgd med den. Foretrakk den på mange vis foran 2M rød. Men så omkom dessverre stiften i ei tragisk støvtørkeulykke. Ser godt for meg at eg kan leve med den, men forfengligheten i meg seier at den blir litt for billig til dette o store prosjektet mitt. Det er jo ein relativt patetisk holdning, men den er der i bakhovudet. Tenker å bruke rundt 1000 spenn på pickup. Sånn i utgangspunktet.
Men takk for svar begge to!