Vel, no har eg lese bladet. Og har gjort meg opp meining. Eg prøver eit prøveabonnement, og så får vi fylgje utviklinga nøye.
No skal ein vere forsiktig med å synse, her i glashuset, men eg tek sjansen (Sjølv om det kjem ein oppgjerets dag, utviklar ein hard hud på Hifisentralen....)
Personleg tykkjer det beste her var besøksartikkelen. Her har vi ein spennande vert, eit eksotisk anlegg og ein eigar som har lukkast få til eit svært hyggjeleg miljø for både lytting og familierom. Foto er på topp, og framstillinga av eit svært visuelt tiltalande oppsett gjer at det er lett å verte inspirert og utfordra om å få superlyd i stova, utan at rommet ser altfor rart ut (her er det ein del av oss med store grisar i skogen), i staden for å byggje eit eige furte-rom der ein kan isolere seg frå verdas vondskap, familie og TV. Den gode forteljinga kom for seg, og ordninga med eiga spalte for "anlegg" og "slik låter det" er veldig lurt. Stoffet er på plass, men forstyrrar ikkje lesinga av sjølve forteljinga, som inneheld både historie og refleksjonane Le Nguyen gjer rundt anlegget og musikk. Toppkarakter for dette.
Det er elles brukt mykje ressursar på CES, og det går heim. Vi som ikkje var der, får eit utval av duppedittar, men også litt om evolusjonen innan 3D. Noko for einkvar smak, altså. Og det må ein så omfattande ting ha. Ikkje heilt toppkarakter, men norsklæraren tek fram femmaren (minus gidd vi vel ikkje dille med...)
Så er det litt snacks i form av tips om lydverktøy på iPad og egotripp-utstyr (s.29). Sånt er relativt uvesentleg i t.d. Fidelity, men passar veldig greitt inn her. Femmar, her også. Medan spådomskommentaren på s.40 .... vel, time vil sjåvv, som dei seier i Flåklypa.
Når det kjem til testane, er her mange, og dermed stor variasjon. Ein vert også veldig subjektiv ut frå kva som interesserar den einskilde lesar, men dei er alle saman (så langt eg orka finlese, tok ikkje heilt norsksensurering her) greie handverk (utanom s.34, som eg personleg ikkje hadde leseglede av). Eg vil positivt framheve:
- Beyerdynamic T70 er bra skriven, og grundig arbeid.
- Kysse-artikkelen s.36 er underhaldande, og syner tydeleg entusiasme og livsbejaing (!) i fleng. Det er ei god utgreiing av høgtalarane, og god understreking av deira sterke sider.
- Så synest eg det er greitt å få oppdatering på prosjektørar og stor-TV. Ikkje mi heimebane, men greitt å fylgje med i.
- Kabelgreia er ei øving i balanse på stram line(?), og er godkjent for min del.
- Forsvaret for å gjere receivertestar (s.70) er vel eigentleg på sin plass? Eller?
Filmomtalene er heilt greie, og gjev seg ikkje ut for å vere den absolutte sanninga. Eg likar ikkje terningkasta, men det er kanskje så obligatorisk innan sjangeren at ingen tør vere utan?
Eit lite ynskje: kva med å presentere skribentane litt? Alle artiklar er subjektive, og det kan vere litt greitt å vite preferansar og bakgrunn til forfattarane. (Treng ikkje vere mykje)
Leiaren: etter forventningane. Men bruk tid på å omtale referanserommet i eit framtidig nummer.
Pris/kvalitet: Rimeleg (men ikkje så rimeleg som gratis nettmagasin. I den grad dei orkar publisere noko. Hehe!)
Så litt pepar til slutt. Framsida. Oppsettet er for meg for flimrete. Og sideoppsettet har noko av det same. Kanskje det vil vere feil å prioritere "eleganse" i eit slikt blad, men eg likar det betre enn max info pr side og mykje reklame. Det vert vel eit spørsmål om pris igjen, og store annonseinntekter er betre enn små annonseinntekter. Men eg tykkjer det må nemnast.
Gratulerer! Lat oss håpe at bransjen har råd til å halde liv i seg sjølv gjennom å sørge for at det finnest mange gode ting å lese.