Bolinder
Overivrig entusiast
Welti og Devantier har undersøkt dette [1] og kom fram til at to basskassar er betre enn ein. Dei fann òg at fire er betre enn to. Den øvste figuren syner nokre plasseringar foretrekkte i [1]. Dei underste figurane syner lydtrykksnivå for nokre plasseringar. Men du bør ikkje ta desse plasseringane alt for bokstavleg. I dei fleste rom er det møblar og andre ting som fører til ulikt mønster av ståande bølgjer. Så det beste er å prøva seg fram, sjølv om det kan vera vanskeleg å finna høveleg plass til store basskassar.To subwoofere skulle være temmelig bedre end en.
Referanse
[1] T. Welti and A. Devantier, “Low-frequency optimization using multiple subwoofers,” J. Audio Eng. Soc., vol. 54, pp. 347–264, May 2006.